Hopp til innhold

Dobbelt så mange mista førarkortet

Legar og psykologar i Aust-Agder har blitt tøffare mot pasientar med rusproblem som har førarkort.

Førerkort

Fleire mista førarkortet i Aust-Agder som følgje av rusproblem i fjor, samanlikna med året før.

Foto: Dragan Cubrilo / NRK

– Vi ser på det som gledeleg for så vidt som at trafikk, alkohol og andre rusmiddel ikkje høyrer saman og utgjer eit alvorleg samfunnsproblem og trafikksikkerheitsproblem, seier fylkeslege i Aust-Agder, Anne Sofie Syvertsen til NRK.no.

– At tenestene og legane vert meir merksame på meldeplikta er veldig bra, seier ho.

Fylkeslegen har beda fagfolka om å bli flinkare til å rapportere inn, og resultatet har ikkje uteblitt.

I fjor sende legane inn bekymringsmeldingar på 66 personar i fylket, dobbelt så mange som året før. Mange av desse har no fått inndrege førarkortet. Ofte er dette konfliktfylte saker.

– Det er eit følsomt område, særleg når det gjeld alkoholmisbruk. Dette er ikkje enkle tema verken for legane eller helsetenesta å ta opp, men desto viktigare i eit samfunnsperspektiv, seier Syvertsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %