NRK Meny
Normal

Dobbel smell for Twedt Berli

Maya Twedt Berli (Ap) tapte kampen om fylkessamanslåing. I tillegg kan partiet hennar tape kampen om ordførarplassen i Vegårshei.

Maya Twedt Berli

Valdagen vart ein dårleg dag for Maya Twedt Berli (ap) i Vegårshei.

Foto: Espen Bierud / NRK

Twedt Berli var ja-general for samanslåing av Agder-fylka. Der vart det eit klart fleirtal imot. I tillegg gjekk Arbeiderpartiet kraftig tilbake i Vegårshei med 13,4 prosentpoeng. Partiet enda dermed på 28,9 prosent, men er framleis størst.

Ikkje gjenval

Twedt Berli varsla før valet at ho ikkje stiller til gjenval. John Geir Smeland er førstekandidaten til partiet, og kan likevel bli ordførar trass tilbakegangen frå førre val. Partiet misser tre representantar og står att med seks i kommunestyret.

Valvinnarane i Vegårshei vart Senterpartiet som gjekk fram 6,7 prosentpoeng til 17,5 prosent. Dei får dermed to representantar til og står med fire. Også Høgre gjorde eit godt val og gjekk fram 6,6 prosentpoeng og står med 22,9 prosent av stemmene. Dei får fem representantar i kommunestyret – to fleire enn førre periode.

Frp vart taparen

Venstre fekk same oppslutnad med tre prosent, og får ingen representantar inn i kommunestyret i kommunen.

KrF gjekk fram 2,8 prosentpoeng til 21,1 prosent. Partiet får fem representantar i kommunestyret. Det er ein meir enn i dag.

Taparen vart Frp som gjekk tilbake 5,6 prosentpoeng. Partiet misser dermed to representantar og står att med ein. Partiet enda på 6,6 prosent.