Hopp til innhold

– Vi må bli kvassare i boksen

Det enda 1-1 mellom Jerv og Kongsvinger i ein treningskamp på La Manga i Spania.

Jerv-scoring
Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

– Vi må bli litt kvassare inne i boksen. Vi må stikke tenna fram litt og tore å få litt vondt, så trur eg det losnar etterkvart, seier kaptein Glenn Andersen til NRK.

Det tok berre 15 minutt før vi fekk den første scoringa på La Manga.

Eirik Haugstad, FK Jerv

Eirik Haugstad i full fart på La Manga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

U21-landslagsspelar Kristoffer Tønnessen sitt innlegg frå venstra landa perfekt på panna til Andreas Hagen som heada ballen i mål.

– Litt sånn bob bob

– Det var litt sånn bob bob. Det er ikkje mykje Kongsvinger skapar. Ok gjennomkøyring, oppsummerer Nils Petter Andersen.

Tre minutt før pause fekk Kongsvinger frispark frå kring 20 meter.

Den moglegheita tok Johan Wennberg godt vare på. Han klinka ballen like godt rett i mål til 1-1, som også vart sluttresultatet.

– Vi er på veg, men langt ifrå der vi ynskjer, seier Nils Petter Andersen.

Manglar presisjon

Jerv-trenar Arne Sandstø var brukbart nøgd med Kongsvinger-kampen.

– Vi er best og farlegast. Vi er bra med ball, men manglar framleis ein del på presisjon på siste tredjedel. Med litt meir presisjon vil vi kunne skape endå meir, seier trenaren.

– Defensivt er vi litt seige i beina. Vi får ikkje flytta oss raskt nok, men Kongsvinger er ufarlege, oppsummerer Sandstø.

Måndag spelar Jerv ny kamp på La Manga. Då møter dei 1 .divisjonskollega Fredrikstad.

Start-spelarar på Jerv-kamp på La Manga

Fleire Start-spelarar fekk med seg Jerv-Kongsvinger på La Manga fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %