NRK Meny
Normal

Difor gliser ØIF-trenaren

Før seriestart i fjor hadde ØIF Arendal ni spelarar på skadelista. I år er kun to spelarar uaktuelle på grunn av skader før serieopninga søndag.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic er glad for at kun to spelarar er på skadelista før sesongstart. På same tid i fjor var ni spelarar ute med skade.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Alle skadane gjer meg uroleg før seriestart. Det stressar meg litt å sjå kven som blir klar til onsdagens seriepremiere, sa ØIF-trenar Marinko Kurtovic dagar før seriestart i fjor.

Heile ni spelarar var på skadelista. Mange av spelarane sleit med belastingsskader og gjekk glipp av mange kampar.

Det gjorde at klubben sette i gang ei gransking av treningsarbeidet for å finne ut kvifor så mange var skada. Konklusjonen var for mykje einsidig og tung trening.

Kun to skada

Hans Olav Uldal

Tidlegare friidrettsutøvar Hans Olav Uldal er fysisk trenar i ØIF Arendal. Tikjemparen deltok mellom anna i OL i Athen i 2004.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Før søndagens seriepremiere mot Halden er situasjonen ein heilt annan. Kun to spelarar er på skadelista.

– Vi har henta inn igjen Hans Olav Uldal, som var med oss i 2014, fortel Kurtovic til NRK.

Kurtovic meiner at den tidlegare tikjemparen er hovudårsaka til at klubben har fått kontroll på skadene.

– I fjor hadde vi meir tung styrketrening. No har vi hatt mykje meir løp og eksplosiv trening. Vi har hatt mykje meir variasjon og mykje meir personleg oppfølging spelar for spelar, seier Kurtovic.

ØIF før sesongstart

NRK Sørlandet tok "tempen" på ØIF Arendal før seriestart.

Paulsen tilbake

Kantspelar Sondre Paulsen var ein av spelarane som gjekk glipp av store deler av fjorårssesongen på grunn av ein alvorleg skade i brystmuskulaturen.

No er han tilbake for fullt.

– Ting har gått veldig bra og eg har fått trent skikkeleg gjennom sommaren. Vi har trent mykje skadeførebyggande, seier Paulsen.

– Hans Olav Uldal kjenner ein del til handballstyrken i forhold til hans bakgrunn med kast, løp og hopp. Han har gjort ein veldig god jobb, seier kantspelaren.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Hans Olav Uldal.

Øif Arendal går for gull

ØIF Arendal har som mål å vinne både serie, cup og sluttspel denne sesongen.