NRK Meny
Normal

– Pendlinga tærer på motivasjonen

Pendling frå heimbyen Sandefjord til Arendal gjer at Marinko Kurtovic har bestemt seg for å slutte som trenar i eliteserieklubben etter ein sesong.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic gjer seg i ØIF Arendal etter ein sesong.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic skal leie ØIF Arendal ut sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det handlar om heilheita. Å få dagane til å gå rundt, seier Kurtovic til NRK.

Onsdag kveld kom meldinga om at trenaren, som tok ØIF til cupgull i desember, gir seg etter etter denne sesongen. Det betyr at vart med ein sesong i Arendal.

– Pendlinga har vore ekstrem tøff i november og desember på grunn av snø på vegane, seier han.

Tærer på motivasjonen

I tillegg til trenarjobben i ØIF Arendal jobbar han også på Wang Toppidrettsgymnas i Tønsberg. Lærarjobb, familie og jobb som eliteserietrenar i Arendal tærer på kreftene.

– Eg landa på at eg ikkje vil klare å vere topp motivert og fokusert som handballtrenar, seier han.

Kurtovic skreiv under ei eitt års kontrakt med klubben då han vart tilsett i fjor, med opsjon på eitt år til. Han nytta dermed høve til å hoppe av.

Samstundes krevde klubben eit svar på om han vart med ein sesong til innan 31. januar.

– Eg var nøydd til å gje klubben eit svar. Eg har tenkt mykje på korleis eg skal klare eitt år til. Eg konkluderte med at eg ikkje vil klare å vere motivert og fokusert på oppgåva som trenar i Arendal. Det gjorde at eg konkluderte som eg gjorde, seier han.

Cupfinale ØIF Arendal

ØIF Arendal vann cupfinalen mot Bodø i desember i fjor.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Vil avslutte på ein god måte

Kurtovic vedgår at det er ei tøff avgjerdsle.

– Det har vore fantastisk og det har vore opptur frå dag ein i klubben. Eg har blitt teke godt imot av folket, supportarar og klubben. Eg har hatt ei fantastisk tid og håpar å kunne avslutte sesongen på ein god måte, seier han.

ØIF Arendal toppar eliteserietabellen to poeng føre Haslum med sju serierunder att. Trenaren trur ikkje det er eit problem at han sit på oppsigelse.

– Slik er idretten. Vi er profesjonelle. Det ser eg ikkje noko problem i, seier han.

ØIF Arendal-kaptein Eirik Heia Pedersen tykkjer det er leit at Kurtovic gjer seg.

– Det var ei kjedeleg nyheit å få. Han er ein mann som har komme inn og løfta laget og vi har prestert veldig bra med han, seier Heia Pedersen.

ØIF-spelarane Sondre Paulsen og Eirik Heia Pedersen tykkjer at det er synd at Marinko Kurtovic gjer seg som trenar i klubben etter denne sesongen.

Sjå intervju med ØIF Arendal-spelarane Sondre Paulsen (t.v.) og Eirik Heia Pedersen.