Hopp til innhold

Dette vil folket ha i sommarferien

Det ustabile sommarvêret gir fleire besøkjande i dyreparkane i landet enn i fjor sommar.

Slange i Den Lille Dyrehage

POPULÆRT: Dyr er populært for mange i sommarferien. Her er ein slange i Den Lille Dyrehage i Gjerstad.

Foto: Knut Andreas Stalleland Tegnander / NRK

Terje Jensen

NØGD: Dagleg leier i Den Lille Dyrehage i Gjerstad, Terje Jensen, er godt nøgd med besøket i sommar.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Sommaren har vore heilt strålande, seier dagleg leiar i Den Lille Dyrehaget i Gjerstad, Terje Jensen til NRK.no.

– Det har vore eit bra parkvêr, med tanke på at folk ikkje har komme seg så mykje ut på sjøen som dei vanlegvis gjer, seier han.

Så langt har dyrehagen hatt 20 prosent fleire besøkjande samanlikna med same periode i fjor. 10 000 menneske har vore innom berre i juli.

– Vi er blitt kjende

– Parken byrjar også å bli meir kjend. Sjølv når det er litt sol tek folk med seg grillane og besøkjer parken, seier Jensen.

Også Barnas Dyrepark i Lindesnes har opplevd ein god besøkssommar. Dyreparken har eit par tusen fleire besøkjande samanlikna med same periode i fjor.

– Det har gått opp i år også. Vi er veldig nøgde. Eg føler parken er blitt meir kjend. Folk som har vore innom snakkar om oss. På denne måten får vi fleire besøkjande, seier dagleg leiar Asbjørn Hansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Internasjonalt besøk

Polar Zoo i Bardu har ei auke på 1000 besøkjande samanlikna med same periode i fjor. Dagleg leiar Cato Haakseth reknar med rundt 27 000 besøkjande i løpet av året.

Stenulv

POPULÆR: Ulvane i Polar Zoo er populære i sommar.

Foto: Julian Brossé

– Besøkstalet skulle vel eigentleg ha gått litt ned på grunn av at det har regna nesten kontinuerleg gjennom sommaren. Men vi har auka her også, seier han.

– Tidlegare har vi hatt mykje besøk lokalt. Men no kjem det folk også frå andre stader i landet og utlandet, seier Haakseth.

Gode besøkstal gir også meir mynt i kassa. Haakseth fortel at dei har at ei omsetningsauke på 20 prosent så langt.

– Vi ser at folk legg att stadig meir pengar. Folk har god økonomi og kjøper meir inne i parken, seier han.

– Gode produkt

I 2009 sette Akvariet i Bergen rekord i talet på besøkjande med 320 000. Så mange vil ikkje besøke akvariet i år, men også her har dei hatt fleire besøkjande i sommar, samanlikna med i fjor.

– Vi har mellom fem og ti prosent fleire enn i fjor. Det skuldast nok litt at vi har fått nye sjøløver, seier direktør Kees Oscar Ekeli til NRK.no.

– Kva trur du er årsaka til at parkane opplever besøksauke over heile landet?

– Eg trur det har med totalproduktet å gjere. Mange av parkane tilbyr særs gode produkt, som er attraktive for folk, seier han.

Video Sjøløvene ankommmer Akvariet

GODT BESØKT: Sjøløvene i Akvariet i Bergen sørgjer for godt besøk i sommar.

Foto: Nyhetsspiller

Også Langedrag Naturpark i Buskerud har hatt ein brukbar sommar. Besøket er omtrent på nivå med fjorårets sommar.

– Eg har ikkje heilt oversikt over kor mange det er snakk om. Men det er heilt klart ein for del for oss at det ikkje er steikande varmt, seier kontormedarbeidar, Janne Nina Lislelid.

Hanløve i Kristiansand Dyrepark

GODT BESØKT: Dyreparken i Kristiansand hadde 20 000 fleire besøkjande midtvegs i juli samanlikna med i fjor.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Blir det sol og veldig varmt er vårt inntrykk at folk vel å gjere andre ting. Så sånn midt i mellom er knall for oss, seier ho.

Enorm auke

Den desidert største dyrehagen i landet, Dyreparken i Kristiansand, har opplevd ei enorm auke i talet på besøkjande denne sommaren. Samanlikna med i fjor besøkte 20 000 fleire parken dei to første vekene i juli.

– Juli har vore veldig bra. Vêret har vore skiftande og det har vore veldig bra for Dyreparken sin del. Vi har så god kapasitet at det blir ikkje særleg med køar. Men ein del lokale som besøker oss seier at dei heller vil komme når sommartrøkket roar seg, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamodt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %