NRK Meny
Normal

Dette var dei mest populære sakene i 2015

Her er dei ti mest lese artiklane på nettsida til NRK Sørlandet i året som gjekk.

Mest lese på NRK Sørlandet

For mykje dusjing, ein «svevande» stein, eit bryllaup og flaum var nokre av sakene som slo an i 2015.

Foto: SCANSTOCKPHOTO, EVEN FUGLESTAD, MOGENS ESKESEN, JAN SCHOU

1. Vi dusjar oss sjuke

Dusj

Mange dusjar opptil tre gonger om dagen. Det er for mykje, meiner hudlege.

Foto: ScanStockPhoto

Den mest lese saka handlar om at vi dusjar alt for mykje. Det meiner i alle fall hudlege Frode Kristiansen ved Havblik spesialistsenter i Arendal. Han sa til NRK i januar at nokon dusjar så mykje at dei utviklar atopisk eksem. Sjekk ut råda frå hudlegen her.

2. – Døydde på veg til båten der ektemannen sov

Liv Marit Wedvik ankommer Spellemannprisen 2009

Liv Marit Wedvik døydde i Risør i mai.

Foto: Øystein Sanne, Øystein Sanne / NRK

24. mai omkom countryartisten Liv Marit Wedvik etter å ha hamna i vatnet ved Moen camping i Risør. 45-åringen vart funne død av ein tilfeldig forbipasserande om morgonen. Les artikkelen her.

3. Vart åtvara mot giftarmål - i dag gifta dei seg

bryllup

Maren Hamre fra Lillesand og Jarl Haakon Holdø gifta seg trass i åtvaringar.

Foto: Even Fuglestad

Maren Hamre frå Lillesand og Jarl Holdø vart åtvara trassa ekspertane då dei gifta seg i sommar. Dei to deltok i NRK-serien «Bør de gifte seg». Der åtvara altså ekspertane om at eit giftarmål kunne by på problem. Les artikkelen her.

4. Vil ikkje ha mat frå kristen leverandør

Bibelskolen i Grimstad

Selskapet Big Catering held til på Bibelskolen i Grimstad.

Foto: NRK

Rett før jul fortalde NRK at ei bedrift i Grimstad hadde sagt opp avtala om kjøp av mat frå selskapet BIG Catering. Firmaet er eigd av den kristne organisasjonen Normisjon. Bedrifta grunna oppsigelsen med at dei ville vere livsynsnøytrale. Les artikkelen her.

5. NVE: – Vi er i ein alvorleg situasjon

Uvær ved Lindesnes fyr

Uvêret «Synne» herja i landsdelen i desember.

Foto: Kjell Olsen

3. desember gjekk Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut og åtvara om at dei frykta store øydeleggingar dersom ekstremvêret «Synne» slo til. Les artikkelen her.

Ekstremvêret slo som kjent kraftig til både i Agder og Rogaland. Mange fekk kjellarane fulle av vatn. I Feda vart fleire hus rivne sønder og saman og hamna i Fedaelva.

6. Fann «svevande» stein på 12 000 år

Stein i Åseral

Denne steinen har stått stødig på Ljosland i Åseral dei siste 12 000 åra. Sjølve steinsorten er ein milliard år gammal.

Foto: Mogens Eskesen

Den «svevande» steinen i Åseral vekte oppsikt i november. Det var Mogens Eskesen og kona som oppdaga steinen då dei var på tur i Åseral i byrjinga av oktober.

– Vi tok bilete og syntest den var morosam. Vi har aldri sett den før, sjølv om vi har gått den stien fleire gonger. Eg har heller ikkje høyrt om andre som har sett den, sa Eskesen.

Les artikkelen og sjå fleire bilete her.

7. Melde rektoren på sonen sin skule

Ann Kristin Klokk Nøstvold

Ann Kristin Klokk Nøstvold anmeldte rektoren på sønnens skole.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Ann Kristin Klokk Nøstvold meinte at barneskulerektoren braut opplæringslova ved å ikke gjere nok for å stoppe mobbinga av son hennar. Ho valde difor å melde rektoren til politiet. Les artikkelen her.

Saka vart seinare henlagt. Politiet meinte at meldinga ikkje braut med opplæringslova.

8. Dette synet vekte oppsikt hos havforskarane

Værfenomen utenfor Havforskningsinstituttet iFlødevigen

Dette synet møtte dei tilsette ved Havforskningsinstituttet i Flødevigen ein dag i februar.

Foto: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet

Eit spektakulært vêrfenomen oppstod på havet utanfor Arendal i februar. Det var tilsette ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen som fekk auge på den kvite «muren» ute på havet.

Les meir om fenomenet her.

9. Kulturhus oversvømt: – Eit skrekkeleg syn

Oversvømmelse i kulturhuset i Kvinesdal

Vatn fylte kulturhuset i Kvinesdal.

Foto: Jan Schou

Både kulturhuset og kyrkjegarden i Kvinesdal stod delvis under vatn i samband med ekstremvêret Synne tidleg i desember.

Les artikkelen her.

10. Fann såpe frå familien sin bomba fabrikk ved asylmottaket

Jabri

Historia om familien Jabri var godt lese i 2015.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Historia om familien Jabri frå Syria vart også godt lese i haust. Familien flykta frå Syria til Norge etter å ha mista både heim og fabrikken dei eigde i heimlandet.

På flyktningmottaket i Søgne fann dei likevel ein bit av det dei hadde mista. Les historia her.