NRK Meny
Normal

Dette seier ekspertane: – Stabæk vinn kvalifiseringa

FK Jerv leiar 1–0 etter første kamp, men fotballekspertane trur det er Stabæk som spelar i eliteserien neste sesong.

Kristoffer Tønnessen og Muhamed Keita

Kristoffer Tønnessen og Muhamed Keita i den første av to kvalifiseringskampar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Søndag klokka 18 møtest dei to klubbane til returkamp på Nadderud stadion.

Vi har spurt fleire fotballekspertar om kven dei trur trekk det lengste strået i søndagens avgjerande kamp.

Karl-Petter Løken, fotballekspert i NRK

Karl-Petter Løken

Karl-Petter Løken.

Foto: NRK

– Eg trur Stabæk vinn kvaliken. Hovudsakleg fordi dei er eit betre lag. Bana på Nadderud kjem til å bli noko betre enn i Grimstad, noko som er fordelaktig for det beste laget. Eg trur også at Jerv kjem til å «føle på» at dei no er veldig nær, seier Karl-Petter Løken.

Esten O. Sæther, Dagbladet

Video Intervju med Esten O. Sæther

Esten O. Sæther

Foto: Nyhetsspiller

Stabæk vinn fordi dei er mest vande til nivået, men eg trur det blir tett, seier Dagbladets Esten O. Sæther.

Lars Tjærnås

Fotballekspert Lars Tjærnås

Lars Tjærnås.

Foto: C More

– Trur Stabæk vinn. Vil tene på at dei har større tempo og fleire matchvinnarar. Pluss gode offensive ein mot ein spelarar og rutine, seier Lars Tjærnås.

Pål W. Jørgensen, sportsleiar i Fædrelandsvennen

Pål Wollebæk Jørgensen

Pål W. Jørgensen

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Eg trur Jerv rykker opp. Først og fremst fordi dei har skaffa seg eit perfekt utgangspunkt før kampen på Nadderud. Eg trur dei kjem til å score på Stabæk, som dermed må ha minst tre for å overleve. Det blir ei tøff oppgåve. For tøff trur eg, seier sportsleiar i Fædrelandsvennen, Pål W. Jørgensen.

Lise Klaveness, fotballekspert i NRK

Lise Klaveness

Lise Klaveness.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

– Eg trur Stabæk dreg dette i land på grunn av at laget vil dra fordel av tempo i spelestil på heimebane og betre underlag enn på Levermyr. Stabæk har fleire strengar å spele på enn Jerv. Det store spørsmålsteiknet knyter seg likevel til Stabæk sin elendige form på heimebane i år. Det blir nervepirrande, men som sagt trur eg mest på Stabæk-siger, seier NRKs fotballekspert Lise Klaveness.

Joacim Jonsson

Joacim Jonsson

Joacim Jonsson.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Det er ein heilt open affære, men eg trur Jerv trekk det lengste strået. Jerv har sett bunnsolide ut defensivt, og i tillegg har dei hatt evne til å score i kampane. Eg trur Jerv scorar og klarer ikkje sjå føre meg at dei skal sleppe inn tre mål, seier Joacim Jonsson.

Arne Scheie, tidlegare NRK-kommentator

Arne Scheie

Arne Scheie.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Stabæk er favoritt. Dei har fordel av heimebane. Erfaring i slike oppgjer slår ut i Stabæk sin favør, seier Arne Scheie.

Knut Espen Svegaarden, VG

Knut Espen Svegaarden

Knut Espen Svegaarden.

Foto: VG

Stabæk vinn. Rett og slett fordi dei har meir kvalitet, spelar for spelar. Med rett innstilling vinn Stabæk med dei to måla dei treng for å halde seg, seier VGs Knut Espen Svegaarden.