Hopp til innhold

Dette skjedde natt til søndag

Her er politiloggen.

Politi illustrasjon

Politiet hadde mange oppdrag natt til søndag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Oddleif Løset / NRK

03.25, Farsund: Tre ungdommar vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk.

03.20, Kristiansand: To kranglete personar vart vist bort frå sentrum før det oppstod slagsmål, opplyser politiet.

02.40, Kristiansand: Ein person vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk.

02.33, Kristiansand: Ein person vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk.

02.31, Grimstad: Ein bil køyrde av vegen og trefte ein lyktestolpe på Fevik. Ingen personar vart skadde.

02.00, Kvinesdal: Politiet fekk melding om eit slagsmål i sentrum. Ein person vart send til legevakta. Fleire personar vart vist bort.

00.43, Tvedestrand: Politiet fekk melding om slagsmål på ein utestad. – Kamphanane hadde gått kvart til sitt då politiet kom, skriv politiet i loggen.

00.13, Lyngdal: Politiet rykte ut etter melding om slåstkamp på ein bursdagsfest i Kvås. Det hadde roa seg då dei kom fram. Men ein person vart meld etter å ha teke skiltet på politibilen. Dette vart funne att seinare.

00.10, Lyngdal: Ei kvinne vart pågripen med mindre mengde narkotika.

23.22, Kristiansand: Ingen personar vart skadde då det byrja å brenne i ein bustad på Sømskleiva i Kristiansand natt til søndag. Politiet har sett i gong etterforsking for å finne ut kva som starta brannen.

23.05, Flekkefjord: Ein person vart pågripen etter å ha laga bråk på ein utestad. Personen skal ha brukt vald mot gjester og vart sett i arresten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %