Hopp til innhold

Dette skjedde natt til søndag

Politiet måtte mellom anna ta hand om fleire slåstkampar i landsdelen natt til søndag. Her er politiloggen.

04.29 Kristiansand: Politiet rykte ut etter melding om fleire personar som slåst i ei leilegheit i Tollbodgata.

03.50: I løpet av natta fekk politiet 17 meldingar om støy og høg musikk. I loggen påpeikar politiet at dei berre hadde kapasitet til å ta hand om eit fåtal av meldingane.

03.33 Arendal: Politiet fekk melding om slåsting i ein taxikø i Arendal sentrum.

03.23 Grimstad: Fleire ringde til operasjonssentralen og varsla om ein rusa mann som gjekk på E18 like ved Grimstadporten.

02.37 Kristiansand: Politiet fekk melding om ein slåstkamp på Torvet.

02.14 Birkenes: Politiet rykte ut etter melding om eit slagsmål ved eit gatekjøkken.

02.10 Grimstad: Ein person vart avslørt då han skal ha sprøyta lim i dørlåsar på både bilar og bustader i Barlinda.

01.50 Arendal: Politiet fekk melding om ein gjest som truga ei vakt på ein utestad i byen.

01.45 Kristiansand: Politiet rykte ut etter melding om slåstkamp mellom fleire personar i Vestre Strandgate.

01.44 Kristiansand: Politiet vart varsla om innbrot på Café Generalen i Ravnedalen. Ein person skal ha sprunge inn i Baneheia.

01.27 Kristiansand: Fleire ringde operasjonssentralen til politiet og melde om ein mann som gjekk i vegbana på Varoddbrua. Mannen skal ha skapt fleire trafikkfarlege situasjonar.

01.20 Grimstad: Ein mann, berre iført t-skjorte, vandra rundt ved Vollekjær.

01.20 Kristiansand: Ein mann stakk frå taxirekninga i Vågsbygd.

00.46 Arendal: Ein person vart pågripen på ein utestad i Arendal. Mannen er sikta for å ha skada ein annan person.

00.40 Arendal: Politiet fekk melding om at ungdommar hadde kasta ein moped på vatnet i Pollen.

00.38 Grimstad: Ein person vart pågripen og sikta for bilkøyring utan gyldig førarkort.

00.36 Kristiansand: Fleire personar slåst ved ein utestad i Markensgate.

00.20 Kristiansand: Ei kvinne vart pågripen etter å ha slått ein vektar. Kvinna skal også ha gått til angrep på politiet.

00.13 Kristiansand: Politiet fekk melding om ein slåstkamp mellom fleire personar utanfor Vågsbygd senter.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %