Hopp til innhold

Dette skjedde i natt

Politiloggen natt til søndag.

Politi illustrasjon

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oddleif Løset / NRK

05.13 Kristiansand: Ein rusa mann nekta å forlate ei leilegheit etter å ha vore på besøk. Mannen hadde forlate staden før politiet kom for å fjerne han.

04.06 Kristiansand: Ein rusa mann som låg og sov vart vekt av politiet. – Han klarer seg sjølv og går heim, skriv politiet i loggen.

03.19 Songdalen: Politiet fekk melding om husbråk mellom eit par. Det heile enda med at ein mann vart meld for bruk og besittelse av narkotika.

02.52 Søgne: Ein mann vart meld for køyring med bil i påverka tilstand. Førarkortet hans vart beslaglagt.

02.44 Tvedestrand: Ein mann urinerte rett føre ei politipatrulje. Det enda med at han vart meld for urinering på offentleg stad.

02.39 Arendal: Ein mann vart henta med ambulanse etter å ha falle og slått seg.

02.38 Kristiansand: Ei kvinne og ein mann krangla høglydt på Lund. Dette gjorde at naboar vart forstyrra. Ifølgje politiet var det sjalusi som var bakgrunnen for krangelen. Dei to vart pålagt å dempe seg.

02.31 Kristiansand: Ei kvinne og ein mann vart vist bort frå sentrum etter å ha krangla.

02.30 Arendal: Fire bilførarar vart natt til søndag fråtekne førarkortet etter ein kontroll ved Blødekjær i Arendal. Alle dei fire køyrde for fort. I tillegg fekk åtte førarar eit forenkla førelegg etter å ha vore for ivrige på gassen.

02.17 Søgne: Ein mann vart fråteken førarkortet etter å ha køyrt i 126 km/t i ei 80-sone.

02.14 Tvedestrand: Ein rusa mann vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk på ein utestad. – Han ville synge saman med bandet som spelte, men fekk ikkje lov, skriv politiet i loggen.

02.00 Mandal: Politiet fekk melding om ein rusa mann som gjekk på E39 ved Mones. Mannen var borte då politiet kom til staden.

01.05 Tvedestrand: Eit bustadhus brann ned. Det var ingen folk i huset då det byrja å brenne. Det er sett i gong etterforsking for å finne brannårsaka.

00.42 Tvedestrand: Ein rusa mann vart vist bort frå sentrum. Ifølgje politiet skal han ha slått ein annan mann.

00.29 Kristiansand: Ein mann vart sett i arresten etter å ha nekta å gjere som politiet sa. Mannen krangla med vakter på ein utestad.

00.25 Lyngdal: Politiet måtte rykke ut for å dempe lydnivået på ein fest, etter klager frå naboar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %