05.12 Kristiansand: Ein bil køyrde av vegen og inn i eit tre på Vesterøya på Flekkerøy. Tre personar vart sende til legevakta for sjekk. Bilføraren, ein mann i 20-åra, er mistenkt for promillekøyring.
04.06 Vanse: Politiet oppsøkte ei adresse etter fleire klager på høg musikk. Huseigaren vart meld for å forstyrre ro og orden.
03.59 Arendal: Ein mann (35) vart meld for bilkøyring i ruspåverka tilstand. Ifølgje politiet vart han målt til 1,2 i promille.
Lillesand: Fem menn fekk førarkortet beslaglagt etter ein laserkontroll på E18. Høgste målte fart var 157 km/t i 100-sona. Mennene var 23, 29, 32, 40 og 60 år gamle.
02.43 Arendal: Ein mann skal ha blitt kasta ned ei trapp på ein utestad i byen. Mannen vart køyrd til sjukehus og har truleg pådrege seg brot i ribbein. Ifølgje politiet vil ein mistenkt mann (38) truleg bli meld.
02.20 Grimstad: Ein 22 år gammal mann vart meld for promillekøyring. Politiet beslagla også førarkortet til mannen.
02.15 Mandal: Ein kvinne (18) vart meld for promillekøyring då ho vart stoppa på ein skuter. Også ein passasjer, som eigde skuteren, er meld for å ha overlete den til ein rusa person.
02.04 Kristiansand: Ein mann frå Danmark (26) vart meld for innførsel av 3,75 kilo rulletobakk. Mannen skal avhøyrast søndag. Han vil truleg få ei bot, opplyser politiet.
00.58 Arendal: Ein mann på 40 år vart slått ned. Ifølgje politiet har han truleg pådrege seg eit brot i kjeven. Politiet har sett i gang etterforsking.
00.35 Vennesla: Ein 18 år gammel mann som fekk førarkort torsdag, mista det natt til søndag, då han ikkje nytta seg av vikeplikta. To bilar med til saman tre personar kolliderte i Vennesla ved 0.30-tiden natt til søndag. Les meir her.
00.32 Søgne: Ein 19 år gammal mann er meld for å ha køyrt i 128 km/t i ei 80-sone på E39. Førarkortet hans er beslaglagt.
00.26 Kristiansand: Ein kiosk i sentrum kontakta politiet om ein vanskeleg kunde. – Han vart bortvist då han ikkje forstod prislista, og då er du full, skriv politiet i loggen.
00.09 Flekkefjord: To menn på 28 og 31 år vart melde for å ha forstyrra ro og orden etter ein slåstkamp.
00.16 Flekkefjord: Ein 18 år gammal mann vart bortvist frå sentrum etter å ha skjelt ut politiet.
00.13 Flekkefjord: Ein mann (24) vart bortvist frå sentrum. Mannen skal ha slått etter andre personar og han skal ha vore hissig, ifølgje politiet.