Hopp til innhold

Plasserte ølglas på politibil – vart vist bort frå sentrum

Politiloggen natt til laurdag.

Politibil - illustrasjon

Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto

01.31, Kristiansand: Ein mann politiet omtalar som ein vriompeis og kranglefant, vart vist bort frå sentrum, etter å ha plassert eit ølglas på taket av ein politibil.

01.13, Tvedestrand: Ein mann (26) er mistenkt for promillekøyring etter ei ulykke på fylkesveg 411. Mannen køyrde av vegen. Førarkortet er beslaglagt og han måtte gje frå seg blodprøve. Mannen vart ikkje skada i ulykka.

01.07, Arendal: Ein 26 år gammal mann vart sett i arresten og meld for ordensforstyrrelse. Mannen nekta også å gi opp personalia, ifølgje politiet.

01.04, Farsund: Ein 18 år gammal mann vart vist bort frå sentrum etter å ha yppa til bråk, skriv politiet i loggen. Seinare kom mannen tilbake til sentrum. Dette er han meld for.

00.57, Kristiansand: Ein rusa mann (39) vart vist bort frå sentrum. Ifølgje politiet skal mannen ha vore hissig mot dørvakter. Han skal også ha sparka til ei søppelbøtte, skriv politiet i loggen.

Farsund: Ein mopedførar vart send til sjukehuset i Flekkefjord etter å ha kollidert med ein bil. Førarkortet til bilføraren er beslaglagt. Tilstanden til mopedføraren er ikkje kjent. Ifølgje politiet skjedde ulykka då bilen skulle svinge til venstre. Bilen trefte mopeden som kom imot.

22.12 Kristiansand: Politiet fekk melding om ein rusa person i Tollbodgata. – Til sjenanse for publikum. Meldt og sett i arrest, skriv politiet.

22.04, Kristiansand: To personar vart sett i arresten etter ordensforstyrrelse.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %