Hopp til innhold

Dette skjedde i natt

Her er politiloggen frå natt til laurdag.

03.35 Farsund: Ein mann (24) vart meld etter at han ikkje godtok pålegg frå politiet.

03.08 Kristiansand: Ein mann (21) vart sett i arresten på grunn av rus.

02.48 Farsund: Politiet fekk melding om ein slåstkamp i sentrum. Ingen personar skal ha blitt alvorleg skada, og det er heller ikkje klart kva som utløyste slåstkampen. Saka vert etterforska.

02.30 Mandal: Fire menn i 20-åra vart vist bort frå sentrum på grunn av kranglete og ufin oppførsel.

02.30 Kristiansand: Ein 21 år gammal mann vart meld for urinering på offentleg stad.

02.30 Arendal: Ein 27 år gammal mann vart køyrd til legevakta for sjekk av ei skada nase. – Uvisst kva som har skjedd, skriv politiet i loggen.

02.22 Kristiansand: Politiet avslutta ein fest på grunn av klage på høg musikk.

02.15 Kristiansand: Ein 42 år gammal mann vart meld for urinering på offentleg stad.

02.00 Lillesand: Ein mann (31) vart meld for køyring utan gyldig førarkort.

01.50 Arendal: Ein 46 år gammal mann vart vist bort frå sentrum på grunn av kranglete oppførsel.

01.45 Kristiansand: Ein mann vart sett i arresten etter å ha nekta å godta pålegg frå politiet.

01.14 Kristiansand: Ein mann (64) vart vist bort frå sentrum på grunn av kranglete oppførsel.

00.29 Kristiansand: Ein 21 år gammal mann vart vist bort frå sentrum på grunn av dårleg oppførsel.

23.30 Tvedestrand: Politiet køyrde heim ein rusa mann frå sentrum.

22.52 Kristiansand: Gjester på ein utestad vart evakuert etter ein pipebrann. Ifølgje politiet kan brannen ha starta i ein motor som var montert på pipehatten. Saka vert etterforska. Gjestene vart sleppt inn igjen i bygget etter kort tid.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %