NRK Meny
Normal

Dette skjedde i natt

Ein person omkom i ATV-ulykke i Kvinesdal. I tillegg måtte politiet ta hand om ei rekkje mindre alvorlege hendingar. Her er politiloggen.

– Det har vore ei normal natt med fyll og bråk, sett bort ifrå den alvorlege ulykka i Kvinesdal, samanfattar operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre.

03.43, Froland: To mindreårige gutar er melde til politiet for bilkøyring.

03.17, Flekkefjord: Ein bilførar er pågripen og mistenkt for køyring i rusa tilstand. Politiet fekk tips om vinglete køyring.

02.10, Arendal: Ein person vart send til legevakta etter å ha fått eit slag i nase og munn. Politiet rykte ut etter melding om slåsting. Hendinga skjedde i sentrum.

02.10, Kristiansand: Fleire personar vart vist bort frå sentrum i løpet av natta etter å ha laga bråk.

01.45, Kristiansand: Ein person vart sett i arresten etter å ha slått til ein annan.

01.19, Kristiansand: Ein person vart teken med kniv på offentleg stad.

01.02, Kristiansand: Fleire personar vart tekne med falsk legitimasjon på ein utestad i sentrum. Dei prøvde å komme seg unn på ein utestad med 18 års aldersgrense. Alle var mindreårige og er teke hand om av barnevernet, opplyser politiet.

00.56, Kristiansand: Ein person vart tekne med mindre hasj.

22.36, Kvinesdal: Politiet fekk melding om ei ATV-ulykke. Ein 19 år gammal mann frå Kvinesdal omkom i ulykka. Les meir her.

22.07, Bygland: Ein elg vart påkøyrd på riksveg 9 ved Moi. Viltnemnda vart varsla.