– Vi ynskjer førebyggjande arbeid for å hindre uro og bråk på skulen, seier lærar ved Tangen videregående skole, Kjetil Karlsen til NRK.
– Dette har vist seg å fungere. Vi har hatt mange småarrangement innimellom og det held bråket nede, seier læraren.
Stemninga stod i taket på Tangen vidergående skole måndag. Det var duka for finalen der elevar frå tre skular i Kristiansand deltok.
Ni finalistar kjempa om sigeren innan kategoriane kunst, musikk og dans.
– Du har så «skills» og du passar til det. Du viser at du nyt å sitje der og imponerer alle rundt deg, var dommen frå ein av dommarane til ein av finalistane.
Janine Ramona Halseth er sjølv elev ved ein av skulane og lovprisar opplegget.
– Det er ikkje alltid ein hadde trudd at den personen var så flink til å synge eller spele trommer. Dette er veldig positivt, seier ho.
Vinnaren av konkurransen kunne gå heim med eit gåvekort på 3000 kroner og hausta jubel frå medelevane sine.