– Legane seier at dersom det ikkje hadde blitt gjort noko med det, så kunne bakteriane ha gått i muskelen på armen. Hadde det skjedd kunne det ha enda med at eg måtte ha amputert armen, seier Rolf Daniel Vikstøl til NRK.
Rolf Daniel Vikstøl er kaptein på Start.
Foto: Håkon Eliassen / NRKStart-kapteinen la merke til at han hadde fått eit lite sår på olbogen for kring tre veker sidan.
Han spelte bortekampen mot Bodø/Glimt i eliteserien 28. august. Det var etter dette såret byrja å skape trøbbel.
Vart hasteoperert
– Måndagen etter kampen kjende eg at det var noko som ikkje stemte i olbogen min. Men eg tenkte det gjekk over av seg sjølv, seier han.
Deretter gjekk han tre-fire dagar utan å gjere noko som helst, men han såg at såret vart større, og smertene kraftigare.
Då gjekk han til legen som gav han antibiotika som skulle ta knekken på bakteriane.
– Då trudde både eg og legen at infeksjonen ville gå over, men det gjorde den ikkje. Det vart mykje verre, forklarar han.
Halvanna veke seinare var såret så ille at han reiste rett til sjukehuset i Kristiansand. Då vart han innlagt straks og vart hasteoperert.
– Det gjekk heldigvis bra, men det kunne ha gått veldig ille, seier han.
Rolf Daniel Vikstøl misser minst tre kampar på grunn av såret på armen.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix– Folk trur det er filmtriks
Legane har snitta opp såret, som ifølgje Vikstøl må vere ope for å få bort bakteriane. Dagleg må han reinse såret.
I førre veke publiserte TV2 bilete av såret. Vikstøl har fått mange reaksjonar.
– Folk trur jo ikkje det er min arm ein gong. Dei trur det er filmtriks eller noko. Det ser jo veldig vilt ut. Du ser jo rett inn i armen. Det ser ikkje bra ut, men det gjer ikkje vondt no lenger. Det går veldig fint, seier han.
No er det klart at midtstopparen misser dei to neste kampane mot Rosenborg og Haugesund.
Håkon Opdal deppar etter at Start tapte 1–4 mot Aalesund fredag.
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix– Eg har lært at eg burde ha gått tidlegare til legen i staden for å vere tøff og ikkje gå. Eg venta nok litt lenge. Neste gang kjem eg nok til å vere litt tidlegare ute for å sjekke opp i det, seier Vikstøl.
Blytung sesong
Start har slite i kraftig motvind sidan i fjor sommar. Klubben står med 38 strake eliteseriekampar på rad utan å vinne.
Klubben har ni fattige poeng på 23 kampar og er på veg rett ned i 1. divisjon.
Men Vikstøl tek ingen sjansar og vil la såret gro skikkeleg før han er tilbake.
– Det er viktigare å behalde armen resten av livet. Fotball står heldigvis ikkje om liv og død. Helsa er viktigare, seier han.