Hopp til innhold

Dette kan koste deg dyrt

Å la vere å fjerne snøen frå bilskiltet kan i verste fall føre til eit førelegg på 2000 kroner.

Bilskilt dekka av snø

Å droppe å fjerne snøen frå bilskilta kan koste deg 2000 kroner.

Foto: NRK

– I yttarste konsekvens kan det blir ein melding og eit påfølgjande førelegg på pluss minus 2000 kroner, seier UP-sjef på Agder, Øystein Krogstad til NRK.

Du kjenner deg kanskje att. Stort snøfall i løpet av natta har dekt bilen din fullstendig. Du må fram med skrape og få bort snøen før du legg ut på vegen.

Du er kanskje litt seint ute til jobb og stressar for å komme deg av garde og gløymer å fjerne snøen på skilta.

Blir du stoppa av politiet kan det resultere i ei melding til politiet og eit førelegg.

– Må bruke hovudet

Krogstad påpeikar at det blir ei skjønnsmessig vurdering frå gong til gong. Sjølv opplevde han at skilta vart dekka til undervegs på ein biltur førre helg.

– Det var berre ei mils køyring, så var skiltet bak heilt dekka over. Folk kan bli flinkare til å fjerne snøen når dei skal stoppe. Så må vi bruke hovudet begge partar, seier han.

Men snø som dekkjer bilskilta skapar utfordringar for politiet. Fartssyndarar kan sleppe unna fotoboksane med snø som dekkjer bilskilta.

– Det er først og fremst fotoboksane som er den største utfordringa. Ynskjer vi å stoppe ein bil klarer vi som regel det, sjølv om skilta ikkje er lesbare der og då, seier han.

– Stikk dei av har vi eit problem, men då snakkar vi om mykje alvorlegare ting, seier UP-sjefen.

Trøbbel i bomstasjonane

Det er ikkje berre for politiet. Også for bomstasjonane skapar vintersnøen trøbbel i enkelte tilfelle.

– Det er sjeldan skilta er dekka over både bak og framme. Men det hender og då er det vanskeleg for oss å sende rekning sidan vi ikkje har skiltnummeret, seier Ellinor Fiskå ved Agder Bomdrift.

Ho påpeikar at det er kamera som fangar opp skilta både bak og framme.

– Litt svinn vert det i løpet av vinteren, men kor mykje veit eg ikkje, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %