Hopp til innhold

Dette gjorde politiet i natt

Fleire personar vart vist bort frå sentrum i fleire sørlandsbyar etter å ha laga bråk natt til søndag. Her er politiloggen.

05.35 Vennesla: Politiet avslutta ein fest som gjekk over styr på Øvrebø.

05.23 Kristiansand: Politiet rykt ut for å dempe ein fest.

04.25 Arendal: Ein 38 år gammal mann er pågripen etter eit innbrot i eit hus i Arendal. Innbrotstjuven er send til sjukehus etter å ha kutta seg i handa.

03.00 Kristiansand: Ein 21 år gammal mann er sikta for eit innbrot på Fagerholt i Kristiansand. Mannen skal ha brote seg inn hos ei bedrift i området.

03.37 Mandal: Ein mann (51) er meld etter å ha nekta å følgje pålegg frå politiet.

03.03 Kristiansand: Ein 21 år gammal mann vart vist bort frå sentrum på grunn av ufin oppførsel.

01.53 Arendal: Ein mann (19) var sett i arrest etter å ha nekta å følgje pålegg frå politiet.

01.50 Kristiansand: Ein kvinne (21) vart meld for urinering på offentleg stad.

01.40 Mandal: Ein 48 år gammal mann vart meld for urinering på offentleg stad.

01.20 Vennesla: Politiet fekk melding om ein slåstkamp i Sentrumsvegen. Ei kvinne og ein mann skal ha vore involvert. Ifølgje politiet er det uklart om nokon av dei vil melde saka.

01.02 Kristiansand: Politiet dempa ein fest i sentrum.

00.21 Kristiansand: Ein mann (35) vart vist bort frå sentrum på grunn av ufin oppførsel.

00.15 Grimstad: Ein bilførar er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrt av vegen.

00.09 Kristiansand: Politiet fjerna to personar som hadde teke seg inn på ein privat fest i sentrum.

23.30 Lyngdal: To personar vart vist bort frå sentrum fordi dei var overstadig rusa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %