Hopp til innhold

Dette gjorde politiet i natt

Politiet hadde mykje å gjere natt til søndag. Her er politiloggen.

05.58 Lindesnes: To personar er sende til sjukehus etter ei trafikkulykke på riksveg 460 ved Spilling. Dei to skal ikkje vere livstrugande skada etter å ha kollidert med ein elg. Det skal vere store materielle skader, opplyser politiet.

05.50 Arendal: Brannvesen og politi rykte ut til Frolandsveien. – Viste seg å vere rundstykker i ovnen, skriv politiet i loggen.

03.49 Grimstad: Politiet måtte dempe ein fest i eit basseng.

02.48 Kvinesdal: Politiet rykte ut etter melding om at ein bil slepte rundt på ein mann på rullebrett. Ei politipatrulje leita etter bilen og mannen utan å finne dei.

01.44 Kristiansand: Ein mann la seg til å sove på ein restaurant. Dei tilsette klarte ikkje å vekke mannen. Det klarte politiet, som sende mannen heim med ei drosje.

01.41 Grimstad: Politiet fekk melding om slåstkamp. Då dei kom fram viste det seg at det kun var ein høglydt krangel.

01.31 Arendal: Ein mann vart bortvist frå sentrum etter at han spytta ein annan mann i ansiktet.

01.26 Kristiansand: Ei kvinne vart køyrd til legevakta etter å ha blitt slått av ei anna kvinne. Saka er meld til politiet.

01.12 Kristiansand: Ein person vart meld for drikking på offentleg stad.

01.10 Kristiansand: Tre personar vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk.

01.05 Kristiansand: Politiet rykte ut etter å ha fått melding om at tre menn slåst. Kamphanane hadde roa seg ned då politiet kom til staden.

00.08 Kristiansand: Mykje folk og høg musikk førte til klager frå naboar. Politiet påla «arrangøren» om å dempe musikken.

00.02 Arendal: Ei sjekte kantra 100-150 meter frå land i sentrum. 22 personar hamna i vatnet. Sju av desse vart sende til legevakt med sjokkskader, opplyser politiet.

23.30 Arendal: Politiet vart oppringt av ein uroa person som melde om at fire kyr åt opp blomster i hagen. Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykke ut.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %