NRK Meny
Normal

Dette gjorde politiet i natt

Innbrot, brann og husbråk er noko av innhaldet i politiloggen natt til onsdag.

Mandal 00.24: Politiet fekk melding om innbrot i ein barnehage på Laustøheia. Patruljen som var på staden melde inn til operasjonssentralen at ei dør var broten opp, men det er uklart om noko er borte.

Kristiansand 00.29: Politiet stoppa ein 59-åring som var i ferd med å ta seg inn i ein bil i Marviksveien. Mannen hadde på seg ulovlege medikament og vil bli meld for dette.

Kristiansand 01.08: Ei politipatrulje rykte ut til Henrik Wergelandsgate etter at ein bebuar ikkje fekk sove på grunn av høg musikk i nabolaget. Ein time seinare ringde bebuaren politiet på nytt.

Kristiansand 01.35: Ein 23 år gammal mann send til legevakta for sjekk etter at han vart funne sterkt rusa ved jernbanebygget i sentrum. Mannen måtte overnatte i arresten etter legesjekken.

Kristiansand 02.11: Politiet måtte avslutte ein fest i Helgolandsgate. I tillegg vart det klaga på ein hund i området.

Kristiansand 03.18: Melding om brann i nybygget til Bamsebo barnehage. Brannen skal vere påsett og gjerningsmennene har teke seg inn i bygget og tent på isolasjonsmatter som var lagra inne. Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen.

Kristiansand 03.44: Politiet fekk melding om ei trafikkulykke på Fv. 402 ved Møglestu. Ein personbil var involvert i ulykka. Ein 27 år gammal bilførar vart teken med for sjekk, men skal ikkje vere skada. Bilen vart påført store skader etter møtet med ei lysmast.