Hopp til innhold

Dette får folk til å sperre opp augene

Kristiansand kommune har fått ei rekkje telefonar frå innbyggjarar som lurer på kvifor det ryk frå kummane i byen.

Damp i Østre strandgate

Damp frå ein kum i Østre Strandgate.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Sentralbordet til kommunen har fått mange telefonar med det dei kallar «underjordiske spørsmål». Folk lurer på kva som gjer at det ryk frå kummane i Østre Strandgate.

Damp i Kristiansand sentrum

Damp ved Aquarama i Kristiansand.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Også politiet skal ha fått telefonar frå nysgjerrige forbipasserande. Men det er ingen grunn til å uroe seg.

Rehabilitering

– Vi rehabiliterer rett og slett gamle kloakkrøyr. Vi legg inn ei strømpe i det gamle røyret. Dette vert varmebehandla slik at det herdar. Det er det som skapar damp, seier Jørgen Haugland som er prosjektingeniør i kommunen.

Dampen har gitt forbipasserande assosiasjonar til scener i amerikanske filmar der røyken stig frå kummar i til dømes New York.

– Nokre stoppar opp. Folk er nysgjerrige. Entreprenøren set som regel ein bil rett ved sidan av kummen, så det kan jo sjå ut som om den står i full fyr. Så eg forstår jo at folk lurer på kva som skjer, seier Øystein Smith i kommunen.

Full brannutrykning

I desember brukte kommunen teknologien for første gang. Det førte til full brannutrykning. Årsaka var at brannvesenet ikkje var godt nok informert om arbeidet.

– Denne gangen har vi fått informert litt betre. Men vi sender kun ut varsel til dei som vert råka. Når vi held på vert avløpa til hus stengde, seier han.

Arbeidet vil føregå utover dagen. Neste veke er det nye røyr i nye gater som står for tur.

Damp i Østre strandgate

Arbeidet vil halde fram utover dagen.

Foto: Hilde Skarvøy Gjestland/NRK

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %