Hopp til innhold

Dette er situasjonen ØIF-trenaren fryktar mest

Dersom ØIF Arendal tapar mot Fyllingen og Haslum slår Halden søndag, skiljer det kun eitt poeng mellom dei to laga før siste serierunde.

ØIF Arendal

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic håpar på å avgjere gullkampen søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det er ein situasjon ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic vil unngå.

– Det er klart. Den trenaren som seier at ein ikkje er nervøs før kamp lyg. Det skal vere slik. Det er klart det kriblar no. Alle tenker på gullet, seier Kurtovic til NRK.

1800 tilskodarar i Sør Amfi onsdag kveld håpa på hjelp frå Hordaland. Haslum tok nemleg imot Stord på heimebane samstundes som ØIF møtte Viking.

Med ØIF-siger og poengtap for Haslum ville ØIF vere seriemeister igjen.

Eitt poeng unna gull

Men slik gjekk det ikkje. ØIF gjorde jobben mot Viking, samstundes som Haslum knuste Stord. Dermed er arendalittane framleis tre poeng føre Haslum med to serierunder att.

Det betyr at ØIF Arendal kun treng eitt poeng for å sikre gullet. Første sjanse kjem mot Fyllingen i Bergen søndag.

Men det er eit lag sørlendingane kun har slått ein gong på bortebane.

– Klarer vi det søndag er det fantastisk. Viss ikkje har vi ein ny sjanse neste onsdag, seier han.

ØIF Arendal
Foto: Sander Heggheim/NRK

– Må legge nervane til side

Dersom ØIF skulle tape i Bergen, samstundes som Haslum slår Halden, vil bærumsklubben berre ligge eitt poeng bak ØIF før den siste serierunden.

Der møter ØIF cupmeister Bodø på heimebane. Haslum tek imot Elverum.

– Kampen mot Fyllingen er kanskje den tøffaste bortekampen vi spelar i løpet av ein sesong. Vi må legge gullnervane til side og prøve å spele handballen vi har stått for heile sesongen, så skal nok dette gå bra, seier ØIF-trenaren.

– Er det enkelt å berre legge nervane til side?

– Det er lettare no til søndag enn onsdag. Då har vi eit fantastisk press på oss. Vi har ein matchball og den ynskjer vi å bruke, seier Kurtovic.

Kampen mot Fyllingen er kanskje den tøffaste bortekampen vi spelar

Marinko Kurtovic, ØIF-trenar

– Eit vanvittig bra lag

ØIF-keeper Svenn Erik Medhus er klar på at laget går for to poeng i Bergen, og dermed sikrar sitt andre strake seriegull.

– Fyllingen er ei vanvittig bra lag. Det vert vanvittig tøft. Vi veit at det er to kampar att og at det held med ein uavgjort, så har vi gullet igjen. Vi går for å vinne i Bergen, seier han.

– Vi må vere kollektivt bra bakover og score eitt mål meir enn dei offensivt, så skal dette gå vegen, smiler Medhus.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %