NRK Meny
Normal

Dette er Norges beste heimelag

Fem lag i dei øvste divisjonane i norsk fotball har vunne alle sine heimekampar så langt denne sesongen.

Norges beste heimelag

BEST HEIME: LSK Kvinner, Kristiansund BK, Start, Molde og Stabæk Kvinner har vunne alle sine heimekampar så langt denne sesongen.

Foto: Scanpix / Fridtjof Bjerkås

Mons Ivar Mjelde

UTAN HEIMETAP: Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

Foto: Kent Skibstad / NTB/Scanpix
Glenn Andersen, Start

SOLID: Glenn Andersen trur dei store tribunene på Sør Arena skremmer motstandarane.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Tittelforsvarar Molde i eliteserien, Start, Kristiansund BK, Stabæk Kvinner og LSK Kvinner i Toppserien har alle ting ein til felles. Ingen av dei har gitt frå seg poeng på eige gras denne sesongen.

Søndag sikra Start sin sjette heimesiger for sesongen då laget slo Alta 4–0. Dette var også den fjerde kampen på rad at sørlendingane ikkje sleppte inn mål på heimebane.

– Sør Arena er blitt eit fort. Skal vi lukkast må det vere det. Skal du få folk til å komme må du spele bra fotball, score mål og vinne fotballkampar, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.no.

– Vi har over 4000 tilskodarar i snitt, og det er det ikkje nokon andre lag i divisjonen som har. Det er klart det kan vere med å hjelpe oss, seier Mjelde.

– Blir skremt av tribunane

Start-kaptein Glenn Andersen, som har spelt fleire år på Marienlyst for Strømsgodset, meiner den store stadion i Kristiansand skremmer motstandarane i 1. divisjon.

– Eg trur ikkje bana i Alta ser like innbydande ut som her i Kristiansand. Unge spelarar kan kanskje bli litt skremt av dei store tribunane. Sør Arena har blitt eit fort, seier Andersen.

– Vi hadde ein fantastisk heimestatistikk i Drammen med Strømsgodset. Den trur eg og dei held framleis. Dei har vel ikkje tapt der sidan juni i fjor.

Det er altså berre tre av totalt 84 herreklubbar i dei tre øvste divisjonane som har vunne alle sine heimekampar.

På kvinnesida har LSK, Stabæk og 1. divisjonsklubben Avaldsnes gått av bana utan å gi frå seg poeng på heimebane.

– Sjølvtillit

– Eg trur det har med sjølvtillit og at vi har prestert over tid. Vi hadde ein god haustsesong i fjor. Vi har teke vare på det beste frå i fjor og vi har utvikla oss i den defensive strukturen i år, seier assistenttrenar i Kristiansund BK, Per Erik Bentz til NRK.no.

Klubben har gått sigrande av alle sine sju kampar heime på Idrettsplassen. Laget har den desidert beste målskilnaden med 27–2 på eige gras så langt i år, og toppar si 2. divisjonsavdeling.

– Det er kjempeviktig å vere gode heime og ha tryggleiken i botnen. Det er viktig å ha sjølvtilliten der du veit at du har kontroll over forhold, underlag og ein historikk med mange kampar, der du veit at du har prestert, seier Bentz.

Jan Roger Angvik

SERIELEIAR: Jan Roger Angvik (t.h) og Kristiansund BK toppar si avdeling i 2. divisjon.

Foto: Fridtjof Bjerkås

Cruisar mot opprykk

Klubben har stø kurs mot opprykk til 1. divisjon og toppar si 2. divisjonsavdeling med ni poeng føre Byåsen etter halvspelt serie.

Målsetjinga er å ta steget opp ein divisjon og etablere seg der for moderklubben til Molde-sjef Ole Gunnar Solskjær.

– Vi snakkar lite om opprykk. Litt av styrken vår er at vi nullstiller oss etter kvar kamp og tek ein kamp av gangen. Opprykkspraten tek vi mot slutten av sesongen. Får vi ein dårleg periode er ni poeng ei lita leiing, seier assistenttrenaren.

– Først og fremst er vår hovudambisjon å utvikle laget og ta steg kvart år. Men vi skal ikkje leggje skjul på at vi ynskjer å etablere oss på nest øvste nivå på sikt, seier han.

Suverene Stabæk

Øyvind Eide

GODE: Stabæk-trenar Øyvind Eide.

Foto: Simen Sveen / NRK

Serieleiar Stabæk i Toppserien har ikkje tapt ein einaste kamp så langt denne sesongen. Heime på Nadderud har det blitt fem strake sigrarar og 24–4 i målskilnad. Trenar Øyvind Eide meiner årsaka til det er enkel.

– Vi er rett og slett betre enn motstandaren våre. Vi har heller ingen fordel med å spele på heimebane fordi vi trenar på kunstgras til dagleg, seier han.

– Det vi også ser er at motstandarane legg seg lågt når dei kjem til Nadderud. Dei gir oss initiativet. Når vi møter dei same laga borte ligg dei litt høgare i bana. Vi gjer det same både borte og heime, seier han.

Molde sine heimekampar

Molde sine heimekampar

Målskilnad: 17-8

Molde - Strømsgodset 2-1

Molde - Brann 2-1

Molde - Lillestrøm 3-2

Molde - Aalesund 2-1

Molde - Fredrikstad 2-0

Molde - Tromsø 3-2

Molde - Odd Grenland 3-1

Start sine heimekampar

Start sine heimekampar

Målskilnad: 22-2

Start - Hamarkameratene 3-1

Start - Strømmen 3-1

Start - Notodden 7-0

Start - Bodø/Glimt 3-0

Start - Ullensaker/Kisa 2-0

Start - Alta 4-0

Kristiansund sine heimekampar

Kristiansund sine heimekampar

Målskilnad: 27-2

Kristiansund - Fyllingsdalen 4-0

Kristiansund - Aalesund 2 6-0

Kristiansund - KFUM Oslo 3-0

Kristiansund - Levanger 2-0

Kristiansund - Kjelsås 5-0

Kristiansund - Byåsen TF 3-1

Kristiansund - Rosenborg 2 4-0

Stabæk Kvinner sine heimekampar

Stabæk Kvinner sine heimekampar

Målskilnad: 24-4

Stabæk - Sandviken 5-1

Stabæk - LSK Kvinner 3-0

Stabæk - Fart 8-2

Stabæk - Kolbotn 3-0

Stabæk - Klepp 5-1

LSK Kvinner sine heimekampar

LSK Kvinner sine heimekampar

Målskilnad: 14-3

LSK Kvinner - Røa 3-2

LSK Kvinner - Arna-Bjørnar 2-0

LSK Kvinner - Kattem 2-1

LSK Kvinner - Vålerenga 6-0

LSK Kvinner - Sandviken 1-0