Hopp til innhold

Dette er ikkje for pyser

30 år med ein øydelagd vêrhane på kyrkjespiret til Trefoldighetskirken i Arendal er historie. Måndag starta arbeidet med å fjerne den øydelagde vêrhanen i 86 meters høgde.

Kirkespiret i Arendal

HØGT: Kyrkjespiret i Arendal er 86 meter høgt. No er arbeidet i gang med å skifte ut den øydelagde vêrhanen på toppen.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

Kirkespiret i Arendal

TIL TOPPS: Vêrhanen på kyrkjespiret i Arendal skal skiftast ut.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

– Dette er høgt nok. Eg skulle aldri har vore 86 meter oppe i lufta. Det er alt for høgt for meg, seier sogneprest Åsta Ledål til NRK.no.

I 30 år har kyrkjespiret hatt ein øydelagd vêrhane på toppen av kyrkjespiret.

Nest høgste i Noreg

– Den gjekk truleg i to i eit torevêr i juli i 1980. Å ha ein halv hane på toppen av kyrkjespiret er jo heilt tullete. For meg som prest er noko med å gjere kyrkja heil, seier Ledål.

Med sine 86 meter er kyrkja den nest høgste i Noreg.

– Første søndag i advent skal vi innvie eit heilt nytt orgel. Når det blir så flott på innsida må alt vere på stell også på utsida, seier ho.

Arbeidet vert gjort gjennom eit spleiselag. Verken kyrkja sjølv eller Arendal kommune har råd.

Spleiselag

– Det er flott at folk er positive. Det er institusjonar, bankar og privarpersonar som er med på å sponse dette. Eg tykkjer det er fantastisk flott at dei tek ansvar for det som kyrkja står for, både kyrkjebygningen og kulturen i det, seier sognepresten.

Ei stor kran var på plass i Arendal i dag. Når ein skal så høgt opp i lufta byr det på utfordringar.

– Vi har 9 meter per sekund i vindbegrensing. Det vert vurdert fortløpande. Det er kastevindane som er verst då det krevst presisjon for å løfte av vêrhanen. Men dette skal nok gå bra, seier Helge Homme som er ein av dei som skal setje opp ein ny vêrhane.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %