Hopp til innhold

Dette er eit sjeldan syn i norsk fotball

To tenåringar dannar truleg spissparet når Start tek imot Molde søndag. – Eg kan ikkje hugse sist det skjedde, seier Arne Scheie.

Lasse Sigurdsen og Kristoffer Ajer

Lasse Sigurdsen (t.v.) og Kristoffer Ajer spelar truleg frå Start mot Molde søndag.

Foto: Roy Emanuelsen/IK Start - Jon Olav Nesvold/NTB Scanpix

Kristoffer Ajer (17) og Lasse Sigurdsen (18) vart drilla på trening fredag. Mykje tyder på at duoen utgjer Start-angrepet mot Molde.

– Det ser ut til at eg får starte. Dette er ein utruleg stor sjanse for meg, seier Lasse Sigurdsen til NRK.

– Eg har blitt testa som spiss denne veka. Det ser spennande ut, sa Celtic-klare Kristoffer Ajer til Fædrelandsvennen fredag.

Scheie: – 99 prosent sikker

Arne Scheie

Arne Scheie kan ikkje hugse at to tenåringar danna spissduoen på eit lag i eliteserien tidlegare.

Foto: Magne Hansen / NRK

Mangeårig fotballkommentator i NRK, Arne Scheie, kan ikkje hugse at ein så ung spissduo har spelt frå start på same lag i eliteserien tidlegare.

– På så høgt nivå skjer ikkje dette ofte. Eg er 99 prosent sikker på at dette ikkje har skjedd før. Det er tøft mot eit lag som Molde, men dei har berre to stopparar dei også, seier Scheie.

72-åringen meiner det er tøft av trenar Steinar Pedersen å gje unggutane tillit.

– Det gjer som regel resultat. Dersom det ikkje skulle gå så bra mot Molde må dei vere tolmodige.

– Heilt sjukt

Kristoffer Ajer er allereie ein av Start sine viktigaste spelarar trass sin unge alder.

Sigurdsen fekk store deler av fjorårssesongen øydelagt av ein alvorleg kneskade. No er han klar igjen.

– Det blir heilt sjukt å stå i spelartunnelen å høyre Start-hymnen og gå ut på bana, seier Sigurdsen som alltid har vore Start-supporter.

Frå oppveksten er det Fredrik Strømstad og Kristofer Hæstad som gjorde størst inntrykk.

– Det er to stjerner som har inspirert meg, seier han.

Fredrik Strømstad og Kristofer Hæstad

Fredrik Strømstad og Kristofer Hæstad var sentrale då Start kjempa om seriegullet i 2005.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

– Start sin nye profil

– Det er hyggeleg å høyre at han hugsar dei dagane, seier Fredrik Strømstad og viser blant anna til 2005-sesongen då Start kjempa om seriegullet til siste serierunde.

Han er i dag styremedlem i Start og tykkjer det er stas dersom dei to unge talenta spelar frå start.

– Det er Start sin nye profil. Vi skal satse på dei unge. Sigurdsen har vore veldig positiv i treningskampane. Han har god fart. Ajer og Sigurdsen kan utfylle kvarandre godt.

Møter Guðjohnsen

Han ber 18-åringen frå Flekkerøy i Kristiansand nyte kampen.

– Dette er draumen hans. Det er spesielt å gå ut på bana dei første kampane. Men dette er forhåpentlegvis berre starten, seier han.

Mot Molde får Ajer og Sigurdsen møte ein av Nordens største fotballspelarar gjennom tidene. Eidur Gudjohnsen (37) kjempar om ein plass i Island sin EM-tropp til sommaren.

Sigurdsen seier det blir spesielt å møte den tidlegare Barcelona- og Chelsea-spelaren.

– Eg trur ikkje vi får lov til å byte drakter. Økonomien i Start er ikkje så god, ler Sigurdsen på spørsmål om han vil byte drakt med Molde-spissen etter kampen.

Eidur Gudjohnsen med mesterliga-pokalen

Eidur Gudjohnsen med meisterliga-pokalen saman med blant andre Lionel Messi og Thierry Henry.

Foto: LLUIS GENE / AFP

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %