Hopp til innhold

Vil ikkje ha jacuzzi-vatn rett i naturen

Viss du nyleg har kjøpt deg jacuzzi, er du ikkje åleine. Stadig fleire kjøper utandørs boblebad, og det kan bli eit problem.

Boblebad

Mange boblebad på eit avgrensa område er ikkje optimalt, og kan føre til alvorlege forureiningar

Foto: Pavel Ševela

Problema startar når vatnet frå boblebadet blir slept ut i naturen. Kristiansand kommune krev no at avfallsvatnet frå bassenga skal nøytraliserast før det går i elva. Årsaka til at kommunen tek opp forskriftene om utslepp, er at det søkjast om tre utandørs boblebad i eit leilegheitsbygg på Kjøita ved Otra.

Uheldig for omgivnadene

Marianne Bliksås

Miljøvernrådgivar i kommunen, Marianne Bliksås, meiner det kan få konsekvensar for omgivnadene å ha for mange utandørs boblebad.

Foto: Kari Jeppestøl Arntzen / NRK

Miljøvernrådgivar i kommunen, Marianne Bliksås, seier dei vil ha ein plan dersom det etablerast mange boblebad i eitt område.

– Vi ønskjer å behandle alle boblebada på lik måte, og finne ei fornuftig løysing dersom fleire vil etablere det på den same måten.

Ifølgje Bliksås kan det vere uheldig for omgivnadene å ha for mange utandørs boblebad i eitt område. Kommunen krev difor at avfallsvatnet må nøytraliserast før det sleppast ut i det fri.

– Ein er alltid pliktig til å unngå å forureine.

Overraska over salet

Hos Agder Spa i Vennesla har dei selt rundt 30 boblebad sidan oppstarten i mars. Ifølgje dagleg leiar Espen Vige, var dette meir enn forventa.

Badestamp
Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Vi var overraska over kor mange boblebad vi selde på så kort tid.

Han fortel at dei alltid opplyser kunden om korleis reglane er i forhold til tømming.

– Vi kursar kundane på dette, men i forhold til utslepp så kan ein sleppe dette fritt ut kvar som helst. Det er ikkje noko problem.

Kan bli aktuelt å lage planar for område

Til no har det vore relativt lite kontroll på kvar utsleppa frå boblebada går. Bliksås seier det kan bli aktuelt å lage planar for område der det skal etablerast fleire.

– Den største utfordringa med desse er viss ein har ein sårbar bekk i nærområdet sitt, og vel å sleppe dette vatnet rett i bekken, seier Bliksås, og understrekar at mange boblebad på eit avgrensa område kan gjere situasjonen meir utfordrande.

Espen Vige

Dagleg leiar hos Agder Spa, Espen Vige, meiner ein kan tømme boblebada kvar som helst utan konsekvensar.

Foto: Kari Jeppestøl Arntzen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %