Hopp til innhold

Desse vegane skal byggjast først

Det statlege selskapet Nye Vegar AS har presentert fem strekningar som i første fase vil bli prioritert utbygd i Noreg dei komande åra. Sjå oversikta her.

Trafikk på Bryn

Torsdag vart det lagt fram kva strekningar som først vil bli prioritert utbygd i landet dei neste åra.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Desse strekningane er prioriterte i første omgang:

  • E18 Tvedestrand – Arendal, 23 km: Planlagt som ny 4-feltsveg med 110 km fartsgrense. Inngår i ei vegstrekning på 131 km, totalkostnad på 40 milliardar kroner.
  • E18 Langangen – Dørdal, 35 km: Planlagt som ny 4-feltsveg med 110 km fartsgrense. Inngår i ei vegstrekning på 131 km, totalkostnad på 40 milliardar kroner.
  • E6 Kolomoen – Moelv, 43 km: Planlagt som ny 4-feltsveg med 110 km fartsgrense. Inngår i ei vegstrekning på 80 km, totalkostnad på 17,5 milliardar kroner.
  • E6 Trøndelag, 115 km: Består av tre strekningar (Ulsberg – Melhus, Ranheim – Værnes og Kvithammar – Åsen), totalkostnad på 26 milliardar kroner. Det er fortsatt nokre forhold som må avklarast før prioriteringa mellom strekningane kan besluttast.
  • E39 Kristiansand – Ålgård/Sandnes, 208 km: Kostnadsoverslag på 48 milliardar kroner, strekninga kan få oppstart i 2018.

Desse fem strekningane skal byggjast ut i første fase fram til 2019/2020. Tre av prosjekta påbyrjast umiddelbart.

Det statlege vegselskapet Nye Vegar AS vart etablert for å framskunde vegutbygginga i Noreg, og skal stå for bygginga av 500 kilometer motorveg dei neste 20 åra.

Nye vegar

Fleire faktorar avgjerande

Administrerande direktør i Nye Vegar AS, Ingrid Dahl Hovland, fortel til NRK at det er fleire faktorar som har vore avgjerande i valet av strekningar.

– Det som er avgjerande for oss er at vi har lønnsomheit i dei prosjekta vi til ei kvar tid prioriterer. Då er det tid, køyretøykostander, ulykker og kostnader generelt som er viktig for den prioriteringa.

Hovland fortel ulykker er ein særleg viktig faktor.

– Det med ulykkesbelasta strekningar ser vi alltid spesielt på at er godt varetatt til dei prioriteringane vi gjer.

Sjølv er ho nøgd med resultatet.

– Vi får lange strekningar og god heilskapleg utbygging, som sikrar trafikksikre vegar, og ein rasjonell og kostnadseffektiv gjennomføring.

Ingrid Dahl Hovland

Administrerande direktør i Nye Vegar AS, Ingrid Dahl Hovland.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Desse strekningane kom ikkje med på lista:

  • E6 Moelv – Biri
  • E6 Biri – Vingrom
  • E6 Vingrom – Ensby
  • E18 Dørdal – Tvedestrand
  • E18 Arendal – Grimstad

Nye Vegar AS tok over for Statens vegvesen 1. januar i år, har fått i oppdrag å få mest mogleg ut av pengane som er løyvd til dei ulike vegprosjekta.

Selskapet har lagt fram til fleire moglege løysingar som skal gjere utbygginga meir kostnadseffektiv.

I januar kom det fram at Nye Vegar AS vurderar å byggje smalare motorvegar for å gjere bygginga billegare. Endå billegare kan det bli om dei også lagar færre vegkryss.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %