Hopp til innhold

Desse tala skremmer ikkje fansen

Trass i ein dårlegare sesongstart enn i nedrykksåret 2011: Start-fansen fryktar ikkje nedrykk. Mot Sogndal trur supportarane på siger.

Start

Start har eitt poeng mindre i eliteserien i år etter 11 serierunder enn då laget rykte ned til 1. divisjon i 2011.

Foto: NTB Scanpix - Montasje: NRK

– Vi fryktar ikkje nedrykk, men vi er nede i ein bølgjedal akkurat no, seier pressetalsmann i Tigerberget, Torgrim Rygnestad til NRK.

Etter fire serierunder stod sørlendingane utan tap i eliteserien. Laget vann to kampar og spelte to uavgjort.

Ein siger på sju kampar

På dei sju siste kampane har Start tapt fem, ein uavgjort og berre ein siger. Førre helg tapte laget heile 0-6 mot Strømsgodset på Sør Arena.

Det gjer at laget har skaffa seg eitt poeng mindre enn i 2011 då det vart nedrykk til 1. divisjon.

– Det er kort opp, men det er også kort nedover på tabellen. Dersom det vert tap i Sogndal kjem det til å bli ein tøff sesong. Då spelar det mentale inn og ein må vinne kvar kamp, seier han.

– Laget må komme seg inn igjen i flytsona dei hadde i starten av sesongen. Då kan dette bli bra, seier Rygnestad.

– Ein av dei verste kampane

Søndagens motstandar Sogndal har overraska mange i årets eliteserie. Sogndølene var tippa nord og ned av ekspertane, men har sikra seg 15 poeng på dei 11 første kampane. I sist kamp slo vestlendigane Haugesund 1-0 på bortebane.

På Fosshaugane har Start kun vunne ein gang i eliteserien, ifølgje Infostrada Sports. Sogndal har vunne tre gonger og tre av oppgjera har enda uavgjort.

– Sogndal er kjempesterke på heimebane, og er ein av dei verste bortekampane i serien, meiner Rygnestad.

Faktisk må ein heilt tilbake til 1994 for å finne sist Start slo Sogndal i eliteserien, då dei vann 2-1 på Kristiansand stadion.

Trur på siger

Pressetalsmannen har likevel god tru på at sørlendingane vil vinne søndagens kamp i Sogndal.

– Det blir tre poeng. Det føler eg meg heilt trygg på, seier han.

Etter stortapet mot Strømsgodset lova trenar Mons Ivar Mjelde at laget skal slå tilbake mot Sogndal.

– Dei må ha trua på det dei har øvd på. Å få ein siger før sommarpausen er kjempeviktig. Det gjev sjølvtillit. Det er viktig å ha ein god følelse før sommarpausen, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %