NRK Meny
Normal

Desse tala er ikkje godt nytt for ØIF

Førre sesong vann ØIF Arendal serien med 38 poeng. Skal klubben nå same poengsum i år, må dei vinne alle dei 17 siste kampane.

ØIF tao for Aalborg

ØIF Arendal står med to tap på dei fem første seriekampane.

Foto: Jan Espen Thorvildsen / ØIF Arendal

Onsdag kveld gjekk laget på sitt andre tap denne sesongen, då Fyllingen vart fort sterke i Bergen. I tillegg starta ØIF med to minuspoeng på grunn av negativ eigenkapital.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det gjer at avstanden opp til serieleiar Elverum allereie er seks poeng. Men ØIF-trenar Marinko Kurtovic er ikkje nemneverdig uroa for det.

– Du ser at alle slår alle. Det er berre Elverum som har full pott. Men dei skal ut i eit tøft gruppespel i Meisterligaen og kjem til å avgje poeng. Eg trur ikkje seriemeisteren i år kjem til å ha 38 poeng, seier Kurtovic til NRK.

– Ingen tog har gått

ØIF har som mål å vinne både serie, cup og sluttspel denne sesongen. Men etter dei fem første serierundane ligg arendalittane på 6.-plass med fire poeng.

På same tid i fjor stod laget med full pott, og det etter å ha møtt både Elverum, Bækkelaget og Haslum.

TV2s handballekspert Bent Svele er einig med Kurtovic i at laget på langt nær er ute av gullkampen.

– Nei, det er fleire lag som tapar. Haslum som er rekna som den store gullfavoritten tapte også onsdag. Det er ingen tog som har gått i forhold til å vinne serien, TV2s handballekspert Bent Svele.

ØIF seriegull

Her feirar spelarane i ØIF Arendal seriegullet i Framohallen i fjor.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Irritert Kurtovic

Svele peikar på at laget har fleire nye spelarar i troppen og at dei mista sentrale spelarar etter fjorårssesongen, og at dette er noko av grunnen til varierande resultat i starten.

– I tillegg handlar det om å komme i flyt. Fyllingen er ein vanskeleg motstandar. Dei slo Haslum greitt i førre heimekamp. Eg er ganske sikker på at ØIF kjem sterkt tilbake, seier Svele.

– Vi er ikkje gode nok når vi har sjanse. Vi kunne ha teke leiinga på 22–22 og gjorde feil val der også, seier Kurtovic om møtet med Fyllingen som tradisjonelt har vore ein tøff motstandar for ØIF på bortebane.

– Det er alltid vanskeleg. I fjor tapte vi med eitt mål. I år tapar vi igjen. Dei er eit godt heimelag. Men eg litt forbanna, for vi hadde moglegheit til å ta dei, seier Kurtovic.

Handballekspert Bent Svele trur ikkje målsettinga om tre gull legg unødig press på spelarane.

– Nei, eg tykkjer alt for få lag seier at dei vil vinne noko. Det er kjedeleg om alle lag seier at dei skal bli nummer fem. Dei har vore eit topplag i fleire sesongar og då skal du tore å stikke fram nasen og seie at du vil vere best, seier han.