Hopp til innhold

Desse møter Vipers i sluttspelet

Vipers Kristiansand skal til Bergen og Levanger i handballens sluttspel for kvinner.

Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Kristine Lunde Borgersen og Vipers Kristiansand møter Tertnes og Levanger i sluttspelet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag kveld vart siste kamp i eliteserien spel. Der tapte kristiansandarane 23–30 mot Larvik i den første kampen i splitter nye Aquarama.

I sluttspelet skal Vipers møte bronsemedaljevinnar Tertnes og Levanger, som kom på 7. plass i serien.

I den andre pulja skal Stabæk, Storhamar og Glassverket møtest. Serievinnar Larvik og sølvvinnar Byåsen er allereie klar for semifinale.

Vinnarane i dei to puljene møter Larvik og Byåsen i semifinale.

Første kamp i sluttspelet går allereie førstkommande laurdag.