NRK Meny
Normal

Desse må gå i Fædrelandsvennen

36 tilsette har sagt ja til å ta frivilleg sluttpakke i Fædrelandsvennen. Det betyr at mediehuset slepp å seie opp tilsette.

Mediehuset Fædrelandsvennen

38 årsverk forsvinn i Fædrelandsvennen.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Sven Arthur Ljosland

Klubbleiar Sven Arthur Ljosland.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Det er viktig å seie at ikkje alle føler at det er frivilleg. Dei fleste sluttar med tungt hjarte, seier klubbleiar Sven Arthur Ljosland til NRK.

Fredag ettermiddag var dei tilsette i mediehuset samla til allmøte. Der fekk dei vite 36 har sagt ja til sluttpakke.

Skjerma skrivande journalistar

– Det var ei god nyheit vi kunne bringe i dag. Det er framleis synd at vi er ei ein situasjon der vi må kutte i bemanning. Vi har vore opptekne av å få til løysingar med frivilleg ordning, seier sjefredaktør i Fædrelandsvennen, Eivind Ljøstad.

– Vi har heile vegen forsøkt å skjerme talet på skrivande. Difor har vi kutta mykje på støttefunksjonar som desk og leiing. Vi har komme ut av dette utan at vi er særleg redusert i talet på dei som skal produsere innhald. Det er eg sjølvsagt veldig nøgd med, seier Ljøstad.

Desse må gå:

  • Deskmedarbeidarar: 6
  • Journalistar/reportasjeleiarar: 10
  • Fotografar: 3
  • Administrativ stillig i redaksjonen: 1
  • Marknad/sal/administrasjon: 16
Eivind Ljøstad

Sjefredaktør Eivind Ljøstad.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Må bygge opp motivasjonen

Nokre av medarbeidarane skal jobbe i mediehuset fram til 2017. Klubbleiaren er glad for at mediehuset no er i mål med prosessen.

No startar jobben med å planlegge framtida.

– Vi har framleis ikkje drøfta ny turnus, arbeidsoppgåver og arbeidstider, seier Ljosland.

– Vi må i tillegg bygge opp motivasjon hos dei som framleis skal jobbe her. Det har vore ein lang prosess med mange tøffe runder. Det er klart at det tærer på humøret i periodar, seier han.

– Vi er letta

Klubbeleiaren fortel at han er glad for at Fædrelandsvennen ikkje treng å seie opp tilsette.

– Det såg ganske lenge ut som om vi ikkje ville klare å komme i mål. Slik sett er vi letta, seier han.

Torsdag vart det også kjent at trykkeriet til Fædrelandsvennen blir lagt ned. Der misser 28 tilsette jobben.

I framtida blir deadline for papiravisa klokka 18. Avisa skal trykkast i Stavanger.