Hopp til innhold

Desse jentene skal «avsløre» Sørlandet sine MGP-poeng

Fire jenter frå Tvedestrand skal lese opp poenga frå Sørlandet i kveldens Melodi Grand Prix.

Silje, Solfrid Elise og Ronja

Silje, Solfrid Elise og Ronja er spent før Melodi Grand Prix. Dei får i tillegg med seg ei venninne til når MGP-sirkuset kjem i gong klokka 20.25.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Uff, eg torer nesten ikkje å tenke på korleis det blir når vi er på. Vi kjem til å vere veldig nervøse, ler Solfrid Elise Lindblom.

Saman med tre venninner har ho rigga seg til i stova i Tvedestrand. Dei har laga MGP-plakatar og ei MGP-kake.

– Eg vart sjokkert

Tilstades i stova er NRK. Etter at alle artistane har gjort sitt på scena blir det ein rundtur Norge rundt for å få stemmene.

– Det blir veldig spennande, seier ho.

Det var venninna Silje Smith Hansen som sende ein søknad til NRK om å få lov til å lese opp resultatet frå Sørlandet.

– Det såg på Facebook at NRK etterlyste folk som ville gjere dette. Då ringde eg Solfrid Elise og spurde om ho ville vere med. Det ville ho. Eg vart litt sjokkert då vi fekk vite at vi skulle vere med, ler Silje.

Silje, Solfrid Elise og Ronja

Silje, Solfrid Elise og Ronja er klar til å formidle poenga frå Sørlandet direkte på NRK1.

Foto: Leif Dalen/NRK

To sørlendingar i aksjon

Den norske finalen i Melodi Grand Prix startar på NRK1 frå klokka 20.25. Før det er det MGP-vorspiel klokka 19.55.

To sørlendingar står på scena i Oslo spektrum. Raylee frå Arendal skal framføre låta «Louder».

I tillegg opptrer Kjetil Mørland frå Grimstad saman med Debrah Scarlett. Dei skal framføre «A Monster Like Me».

Du kan også sjå Melodi Grand Prix her:

Det er klart for årets største musikkfest! Elleve bidrag er klare til å konkurrere om æren av å representere Norge i Eurovision Song Contest 23. mai i Wien. I år akkompagnert av selveste Kringkastingsorkesteret. Det er seerne som bestemmer ved å stemme på sin favoritt. Programledere i Oslo Spektrum er Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen.

Sjå Melodi Grand Prix frå klokka 20.25.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %