Hopp til innhold

Denne kan redde liv i framtida

Norsk Luftambulanse testar ut dronar i redningsarbeidet. Det ubemanna luftfartøyet er så lite at det kjem til der helikoptra må gi opp.

Et lite ubemannet luftfartøy kan kanskje redde liv i fjellet i fremtiden. Det kommer til der helikoptrene må gi opp, og kan ha stor betydning i redningsaksjoner. Norsk Luftambulanse tester det nå ut.

VIDEO: Sjå korleis dronen fungerer i praksis.

– Fordelen er at vi kan fly heilt inn på utilgjengelege stader. Her inne ville det ha vore vanskeleg å få oversikt over situasjonen frå eit større helikopter, seier Håkon Bjorheim Abrahamsen, hos Stiftelsen Norsk Luftambulanse til NRK.

Håkon Bjorheim Abrahamsen

Håkon Bjorheim Abrahamsen fortel at dronen gjer det enklare å komme til på vanskelege stader.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Han står og ser på at dronen flyg heilt inntil fjellveggen.

Vi er på Hovden i Setesdal der Norsk Luftambulanse prøver ut dronen. Dronane gir rask oversikt, utan bruk av helikopter.

Kan styrte

Fjell på alle kantar er inga hindring. Dronen kan vere med på å gjere redningsarbeidet lettare, men den kan også vere farleg.

– Dersom ei drone flyr inn i halerotoren på eit helikopter vil det styrte og det kan få fatale konsekvensar, seier Bjorheim.

Ei drone er både lettare, billegare og raskare å få i lufta enn eit helikopter. Den er utstyrt med eit kamera og mikrofon til kommunikasjon.

Dronen kan også frakte små gjenstandar, slik at pasienten kan få naudsynte hjelpemiddel. Den er også så liten at den får plass i ryggsekken til leitemannskapa.

Teknologirådet vil setje krav til kven som skal kunne styre ei drone. Dei fryktar konsekvensane dersom alle som vil kan sende ei drone opp i lufta.

Drone

Dronen er utstyrt med kamera slik at redningsmannskapa kan sjå korleis til dømes rasstaden ser ut.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Vil ha kursing

– Det kan bli fullt i lufta om alle slags amatørar skal få lov til å operere ei slik drone, seier direktør i Teknologirådet, Tore Tennøe.

– Dei burde få eit dronepilotkurs. Både for å kunne redde liv på ein best mogleg måte, men også unngå å setje liv i fare i ein redningsaksjon, seier han.

Førebels er dronane berre på teststadiet hos Norsk Luftambulanse. Dei har enno ikkje bestemt seg for om dei skal bruke dronar i redningsarbeidet.

– Dette er i utgangspunktet eit pilotprosjekt. Så det må nok forsking og utvikling til før vi kan sjå om dette har ein nytteeffekt i seg sjølv, seier Håkon Bjorheim, hos Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Tore Tennøe

Tore Tennøe i Teknologirådet vil ha grundig opplæring for dei som skal styre ei drone.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %