Denne brøytekanten er åtte meter høg

Politiet krev at enorme brøytekantar i Åseral blir fjerna. I enkelte område er brøytekantane mellom sju og åtte meter høge.

Brøytekant

Enorme brøytekantar i Åseral skal fjernast i løpet av dagen.

Foto: Åseral kommune

– Vi opplever problem med å bli kvitt snøen. Saman med vinden har vi no fått ein brøytekant på mellom sju og åtte meter, seier beredskapskoordinator i kommunen Odd Helge Liestøl til NRK.

Det er opp mot tre meter snø i fjellet i deler av Sør-Norge. I Årseral kommune i Vest-Agder kan ikkje lokalbefolkninga hugse å ha sett ei slik snømengd på 60 år.

– Aldri opplevd liknande

– Eg har aldri opplevd liknande. No har eg ikkje budd her så lenge, men andre fortel at dei ikkje har sett liknande sidan 1954, då det var ein utruleg snørik vinter over heile Sørlandet, seier han.

Dei enorme snømengdene skapar trøbbel for brøytemannskapa når dei skal kvitte seg med snøen. I tillegg til stort snøfall gjer vinden at brøytekantane blir enorme, og kan vere trafikkfarlege.

– Det er stort overheng over vegen og ein må av tryggingsmessige årsaker gjere noko med det, seier Liestøl.

I løpet av dagen vil kommunen ut med både gravemaskin og snøfres for å fjerne dei høgste brøytekantane.

(Artikkelen held fram under bilete)

Brøytekant i Åseral

Denne brøytekanten er mellom sju og åtte meter høg. Den sig ut over veien i toppen og må derfor fjernast.

Foto: Åseral kommune

Stor snørasfare

Det er også stor snøsrasfare som følgje av dei store snømengdene som har komme. Måndag gjekk det eit stort snøras i ei av dei meste populære turløypene på Bortelid.

Beredskapskoordinatoren er også uroa for dei mange hyttene i kommunen, dersom taka ikkje vert brøyta.

– Ein må få vekk snøen slik at hytta ikkje rasar saman. I tillegg grev mange eit hol inn til hytta, fyrer i omnen og ikkje har skikkeleg lufting. Ein må sikre lufting, rømmingsvegar og sørgje for at det er trygt å vere på hytta, seier han.