Hopp til innhold

Den Lille Dyrehage vil bli større

Dyrehagen i Gjerstad kan slå i bordet med rekordbesøk og millionar i omsetning i år. No vil dei utvide

Kongepyton i Den Lille Dyrehage

BLIR STØRRE: Den Lille Dyrehage i Gjerstad vil utvide.

Foto: Den Lille Dyrehage

– Vi må heile tida fornye oss og finne på nye ting for å trekkje folk. Etter ei sunn drift sidan starten, med gode tal har vi no moglegheit til å satse vidare og bruke pengar på utviding, seier Terje Jensen og Nils Harald Reiersen i dyrehagen til Aust-Agder Blad.

30 prosent auke

I sommar opplevde dyrehagen på Brokelandsheia rekordbesøk. Til NRK.no opplyser Nils Harald Reiersen at parken hadde ei omsetningsauke på 30 prosent i år, samanlikna med året før, som også var eit rekordår.

– Vi vil utvide både uteareal og inneareal. I første omgang blir det ute. Det nye innearealet er i planleggingsfasen og vil komme etter kvart, seier Reiersen til NRK.no.

– Vi er avhengig av å fornye oss for å halde oppe besøket, seier han.

Nye dyr

Ifølgje avisa vil parken auke arealet med 13 dekar, som altså kjem i tillegg til dagens areal på 5,7 dekar. Med større areal vil det også komme nye dyr i dyrehagen.

– Kva dyr det er snakk om kjem vi tilbake til seinare. Vi må også ha fleire toalett og servicerom for dei som besøkjer oss, seier duoen til Aust-Agder Blad.

– Vi håpar at det ikkje tek allverden med tid før vi kan setje i gang med planane våre, seier dei to.

Siste nytt fra NRK Sørlandet