NRK Meny
Normal

Demonstrerer for barnehagen sin

Foreldre, barn og barnehagetilsette har møtt opp utanfor rådhuset i Kristiansand tysdag ettermiddag. Dei demonstrerer mot at administrasjonen i kommunen føresler å kutte 28,5 million kroner i støtte til dei private barnehagane.

Barnehagedemonstrasjon

PROTEST: Mange samla seg i Kristiansand sentrum for barnehagedemonstrasjon.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Barnehagedemonstrasjon, Kristiansand

DEMONSTRERER: Både store og små er med på demonstrasjonen.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Dei siste dagane har dei private barnehagane i Kristiansand truga med å redusere opningstidene, dårlegare bemanning og i verste fall konkursar for fleire av barnahagane.

Fleire hundre personar møtte opp med plakatar på Torget. Ein av plakatane seier: «Er barn i private barnehager mindre verdt?».

Det skal vere blant anna apellar frå politikarar, konsertar og barnehagebarn som skal opptre.

– Store konsekvensar

Leiar for oppvekststyret i Arbeiderpartiet, Leif Andreas Lyngø, fortel at dei vil be om ny behandling av saka.

– På gruppemøtet i går vart vi einige om at vi føresler å sende saka tilbake til direktøren til ny utgreiing. Ved at kanskje fleire private barnehagar kanskje må redusere drifta eller leggje ned, gir det så store konsekvensar at vi ikkje kan tillate at det skjer, seier han til NRK.no.

– Visste ikkje administrasjonen dette?

– Dei burde ha visst dette. Slik ordninga er i år, er det slik at årets budsjett som vart vedteke i desember er grunnlag for tildeling som skal gå til private barnehagar. Eit anna poeng er om oppvekstdirektøren visste grunnbeløpet som er anbefalt frå staten, seier han.

Vil ha full drift

Lyngø fråskriv seg ansvaret dersom dei private barnehagane ikkje får opp mot 30 millionar kroner.

– Dette har vi liten innflytelse på. Det er dei borgarlege som sit med busjettmakta og som må vurdere om dei vil gjere det. Vi ynskjer sjølvsagt at det skal vere full drift, men dei får ta ansvaret, seier han.

Tidlegare i dag kom det signal frå politikarane om at dei private barnehagane får pengane.

– Korleis og kor mykje må vi diskutere. Men at det må tilførast noko til dei private barnehagane er det ikkje tvil om, sa Inger Skeie Hansen (H).

Forsiktig optimist

Tore Aas som leiar dei private barnehagane i Kristiansand, trur ikkje saka er avgjort.

– Politikarane har komme oss i møte ved å seie at dei vil sjå på saka. Men vi har ikkje fått noko løysing på saka, seier han til NRK.no.

Aas skal sjølv halde tale på Torget.

– Vi vil krevje framleis merksemd frå politikarane og administrasjonen i saka. Vi vil nok sparke litt mot nasjonalt hald også. For dette er ei stor sak som ikkje berre handlar om Kristiansand, men også andre kommunar i landet, seier han.

– Saka må greiast ut på nytt for å få ei skikkeleg saksframstilling som snakkar om konsekvensar og kvalitet, seier han.

Oppvekststyret skal i møte seinare i kveld.