Hopp til innhold

Demokratene misser partistøtte

Demokratene Norge misser halvparten av den statlege partistøtta i 2015. Det har Partilovnemnda konkludert med.

Montasje brev Demokratene

På grunn av rekneskapsrot får Demokratene mindre partistøtte i år.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Årsaka er rekneskapsrot i 2013. Partiet sin revisor valde å trekkje seg på grunn av rotet. Demokratene braut dermed lova då dei ikkje hadde ein offentleg godkjend revisor.

Partilovnemnda har no konkludert med at partiet misser 99 100 kroner i statleg partistøtte i år.

– Dei måtte reagere

– Det ligg eit klart brot på bestemmelsen om revisorplikt i partilova. Den seier at hovudorganisasjonane i partia har plikt til å ha eit revisorgodkjent rekneskap, seier sekretariatsleiar i Partilovnemnda, Tor Henriksen til NRK.

Terje Svendsen

Terje Svendsen er leiar i Demokratene Norge.

– For rekneskapsåret 2013 har nemnda fått informasjon om at Demokratene Norge ikkje har fått revisorgodkjent rekneskapet sitt. Det er ei alvorleg sak, seier Henriksen.

Leiar i Demokratene Norge, Terje Svendsen, seier at konklusjonen var venta.

– Eg er ikkje overraska i det heile. Det var heilt greit. Partilovnemnda var nøydde til å reagere når det ikkje var levert inn rekneskap etter fristane. Det er feil å seie at eg er nøgd med resultatet, men det var venta, seier Svendsen.

Kan få full støtte igjen neste år

Demokratene kan få full partistøtte igjen neste år dersom dei leverer rekneskap for 2014 etter reglementet.

Tor Henriksen i Partilovnemnda rosar leiinga i partiet for at dei har vist vilje til å rydde opp.

– Vi har fått dokumentasjonen som er etterspurt. Vi ser at noverande leiing i partiet gjer ein god jobb for å forsøke å rydde opp i dette. Vi har hatt god kommunikasjon med partitet i behandling av denne saka, seier Henriksen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %