Hopp til innhold

Staten går inn på eigarsida i milliardsatsing på batteri

Ein planlagd batterifabrikk i Arendal kan gi fleire tusen nye arbeidsplassar. Fabrikken har fått fleire hundre millionar frå staten. No startar bygginga.

Morrow inngår avtale med staten

No får selskapet Morrow staten med på laget for å bygge batterifabrikk i Arendal.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Det var næringsminister Jan Christian Vestre som presenterte nyheita under Arendalsuka onsdag føremiddag.

– Vi har lova at staten skal stille opp med ei kraftfull verktøykasse for å bidra til å få opp tempo. Vi skal bidra med kapital, areal, kraft og mykje anna for å få fortgang i private investeringar, seier Vestre.

Staten blir eigar

Det statlege selskapet Siva går inn på eigarsida av det første byggetrinnet av batterifabrikken i Arendal. Den har ei kostandsramme på 480 millionar kroner

Staten går inn med rundt 335 millionar kroner.

– Staten går inn med 67 prosent eigardel. Fleire hundre millionar kroner. Vi er villege til å stille opp og det hastar å komme i gang. Dette er eit internasjonalt kappløp, seier næringsministeren.

Siva og Morrow batteries etablerer eit felles eigedomsselskap for å komme i gang med det første byggetrinnet på Eyde Energipark i Arendal. Der er altså her staten går inn på eigarsida.

Dette er det første av totalt fire byggetrinn.

Jan Christian Vestre

Næringsminister Jan Christian Vestre i Arendal onsdag.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– Ein merkedag

Administerande direktør Håkon Tanem er strålande nøgd med at staten bidreg. Dette gjer at dei no kan starte bygging av fabrikken.

– Dette er ein merkedag. Vi er veldig nøgde og ser veldig fram til å starte bygging, seier Tanem i Morrow batteries.

Håkon Tanem

Håkon Tanem (t.v.) er administrerande direktør i Morrow batteries.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Bygging av første trinn skal starte allereie i september.

– Dette er eit godt døme på privat-statleg samarbeid for å få fortgang på det grøne skiftet, seier Tanem.

Totalt har fabrikken ei kostnadsramme på 20 milliardar kroner og består av fire byggetrinn.

Fabrikken skal etter planen stå ferdig i 2028. Då vil den ha kring 2500 tilsette og ein produksjonskapasitet på 43 gigawattimar. Det tilsvarer behovet til minst 700 000 elbiler.

– Vi er godt i gang med produktutviklinga og ventar å levere dei første battericellene for testing hos kundar i løpet av dei kommande månadene. Føremålet med Batterifabrikk 1 er å vise marknaden og kundane at vi kan levere kvalitet i stor skala. Vi ser fram til byggestarten i september, slik at vi kan utvide vår operasjon over dei neste 15 månadene, seier Tanem.

Les også Skyhøye leiepriser under Arendalsuka: – Alle er helt desperate

Eneboliger i Arendal

Ordføreren jubler

Ordføreren i Arendal jublar over staten sitt bidrag.

Vi har sagt at det er ei tid før og ei tid etter etableringa av Morrow. No skjer det. No blir det etter, seier ein smilande Arendalsordførar, Robert Cornels Nordli.

Han meiner dette vil ha stor betydning for heile Sørlandet.

Dette er som å ha bursdag, få julegåver og ferie nyttårsaftan samstundes.

Robert Cornels Nordli

Ordfører Robert Cornels Nordli er veldig glad for nyhetene han fikk onsdag.

Foto: Victoria Marie Nordahl| / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %