NRK Meny
Normal

Debuterte på landslaget: – Veldig stort

Start-spelar Lars-Jørgen Salvesen debuterte på det norske G19-landslaget mot Slovakia.

Lars-Jørgen Salvesen

Lars-Jørgen Salvesen har fått landslagsdebuten.

Foto: ikstart.no

Sørlendingen fekk spele dei siste 20 minutta då han kom inn for for Viking-spelar Zymer Bytygi.

– Det var veldig stort med nasjonalsangen og ramma rundt. I sjølve kampen gjekk det greit, men eg fekk ikkje sett så mykje preg på kampbilete, seier Salvesen til ikstart.no.

Norge slo Slovakia 1-0 etter scoring av Tromsø-spelar Runar Espejord. Scoringa kom på straffe 56 minutt ut i kampen.

– Slovakia fekk ein utvist like etter at eg kom innpå og dermed handla det meste om å sikre sigeren. Uansett var det utruleg gøy, så det er berre å køyre på vidare, seier Salvesen.

Laurdag møter det norske landslaget Tsjekkia.

Salvesen fekk ein knalldebut i Start-drakta i fjor haust. 18-åringen debuterte nemleg med scoring i heimekampen mot Sandnes Ulf.

Scoringa på overtid sikra eitt poeng for Start. Målet gjorde også at Sandnes rykte ned på eliteserien.

Innbytter Lars-Jørgen Salvesen sørget på overtid for 3-3 til Start mot Sandnes Ulf. Etterpå skulle han hjem og lese til prøve.

Sjå intervju med Salvesen etter Start-debuten.