NRK Meny
Normal

David Guetta kjem til Kristiansand

DJ-en skal spele under Odderøya Live i Kristiansand 6. juli.

David Guetta

David Guetta skal opptre på Odderøya Live i Kristiansand til sommaren.

Foto: XAVIER LEOTY / Afp

– Fantastisk, større vert det ikkje i den sjangeren seier bookingsjef Trond Åge Nyhus til NRK.

Dette blir første gang Guetta gjer ein utandørskonsert i Norge. 18. august skal han også spele på Koengen i Bergen.

8000 billettar

Nyhus reknar med at billettane vert raskt utselde til den franske DJ-stjerna. Totalt vert det lagt ut 8000 billettar for sal.

– Eg vert overraska om det ikkje vert utselt. Kapasiteten er låg i forhold til artisten, seier Nyuhs.

Guetta er kanskje mest kjend for sangen «When love takes over» med Kelly Rowland. Han har selt over tre millionar CD-ar og over 15 millionar singlar.

– Skal du få oppmerksomheit og selje billettar må du ha store namn, seier Nyhus.

«Verdas største DJ»

David Guetta er ikkje det siste store namnet til årets Odderøya Live skal vi tru bookingsjefen.

– Det kjem meir. Vi skal ha noko for alle, så det er berre å følgje med, seier han.

Guetta har tidlegare hatt konsert både i Oslo Spektrum og i Valhall Arena. I 2011 vart han kår til «verdas største DJ».

Billettsalet til Guetta-konserten startar førstkommande torsdag.