Hopp til innhold

Dårleg erfaring med norske jordbærplukkarar: – Den første gav seg etter sju korger

Nordmenn har verken helse eller ork til å jobbe i jordbæråkeren lenger, hevdar fleire bønder.

Jordbærplukker i Vennesla

Ein jordbærplukkar i Søgne med regnklede og munnbind på grunn av korona.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

– Etter kvart som velstanden har auka skal folk på ferie, og ditt og datt. Dei vil ikkje gjere denne jobben. Dei får vondt her og der og gidd ikkje. Dei har det for godt, seier jordbærbonde Helge Pettersen i Søgne.

Han seier situasjonen har endra seg fullstendig dei siste 15–20 åra. Før hadde han lange ventelister på ungdom som ynskte seg jobb.

No er det stort sett utlendingar som kan tenke seg jobb i åkeren.

– Dei sykla til og med til jobb. Då var det ikkje slik at foreldra kunne dytte på dei mykje pengar. Det var litt andre tider, seier han.

Helge Pettersen

Helge Pettersen har lang erfaring med jordbær. Han meiner nordmenn ikkje lenger er rusta for å jobbe i åkeren.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

– Vart for tungt

Jordbærbonde Kristen Steinsland i Vennesla opplever mykje det same som kollegaen i Søgne. I sommar hadde han kring 40 jordbærplukkarar i sving. Ei stund.

– Godt og vel halvparten slutta. Anten fordi det var for tungt, eller dei fann ut at dei ville gjere noko anna. Eller ikkje gjere noko i det heile, seier han.

– Den første gav seg den første dagen, etter å ha plukka sju korger. Då hadde han veldig vondt i ryggen. Men andre var som maur og heldt på heile tida.

Nhu Y. Ho er ein av dei som står løpet ut. Men det kostar krefter.

– Dette er hardt arbeid for ryggen fordi vi må opp og ned så mange gonger i løpet av dagen.

Nav tykkjer det er synd at ikkje fleire nordmenn vil ta på seg jobb i jordbæråkeren.

– Du får noko du kan bruke som referanse. Du kan vise at du stiller opp når du skal, er nysgjerrig og viser engasjement for å jobbe, seier leiar i Nav Kristiansand, Heidy Døsvik.

Kristen Steinsland

Kristen Steinsland dyrkar jordbær i Vennesla. Han opplevde at mange nordmenn gav seg etter kort tid i åkeren. Men han presiserer at enkelte er veldig flinke og jobbar godt.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

Trur ikkje høgre løn vil hjelpe

Då koronaen kom tok fleire til orde for at permitterte og studentar kunne hjelpe bønder som trengde folk. Per Isingrud frå Kløfta er ein av dei største jordbærbøndene i landet. Han fekk mange telefonar frå folk som ville jobbe.

– Mange var positive i starten. Men då stod dei gjerne på ei potetmaskin inne der det var tørt. Dei låg ikkje på knea ute i regnet. Det endra seg, seier han.

Isingrud har nesten 40 års erfaring med jordbær.

– Det er tungt arbeid. Eg trur også at folk har det for godt. Eg trur ikkje det ville ha hjelpt meg høgre løn heller. Det handlar om type jobb.

– Kvart år når eg jobbar med dette får eg vondt i muskulaturen. Vi kallar det lemster. Ikkje øydelagd dårleg rygg. Det er ei pine du må gjennom om du skal plukke jordbær, seier jordbærbonde Helge Pettersen.

Jordbær

Eit jordbær klar til å bli plukka. Truleg av utanlandske hender.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %