Hopp til innhold

Danskane vel norsk skiferie

Undersøkjing gjort blant tre tusen danskar viser at over halvparten av dei vil på ferie til Noreg denne vinteren.

Vinterstemnings Sirdalsheiane

FLOTTE TILHØVE: Danskane vel norsk skiferie før skiferie i Alpane.

Foto: Sirdalsferie AS

Dessutan meiner sju av ti danskar at Noreg er det beste skireisemålet.

– Det er ikkje veldig overraskande. Det verdt å merkje seg at kursen på den svenske krona er låg. Der får du nesten 30 prosent meir kjøpekraft. Så vi kan seie at danskane er lojale overfor skiferien i Noreg, seier styreleiar Jørn Grønkjær i Sirdalsferie.

Bitande kulde

Grønkjær meiner bitande kulde over heile landet dei siste vekene ikkje skremmer danske turistar frå å velje Noreg. Det har vore mykje danskar på Hovden skisenter i jula. Styreleiaren trur kulda kan vere med på å gjere skitilbodet i Noreg endå meir attraktivt for danskane.

LES OGSÅ: - Kulda gjør ingenting

– Ja, eg trur faktisk det er meir motiverande for danskane. I store delar av Jylland har vi dei siste dagane fått mykje snø . Det har gitt endå meir blod på tann, seier han.

Attraktivt reisemål

Undersøkjinga stadfestar at Noreg framleis er attraktiv som reisemål på vinterstid.

– Eg trur det stadfestar at det er gode skitilhøve i Noreg. Så eg trur ikkje ein skal vere redde for at kulda skal skremme danskane vekk frå Noreg, seier han.

LES OGSÅ: For kaldt for å gå på ski

Danskebåten mellom Kristiansand og Hirtshals er ei av årsakene til at mange vel å reise til Noreg på skiferie, meiner Grønkjær.

– Flottast natur

– Danskane har fått augene opp for kor enkelt det er å komme seg til Noreg. Seks av ti danskar planlegg å ta sjøvegen på skiferie i år. 72 prosent av dei spurte i undersøkjinga vel å ta med seg bilen, seier han.

Ni av ti som vart spurt i undersøkjinga meiner at Noreg, som skidestinasjon har den flottaste naturen, og tre av fire meiner at Noreg er den mest barnevennlege staden å reise til dersom ein skal ha familien med på tur.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %