Hopp til innhold

Dansk mann omkom etter dykkarulykke

Ein dansk mann i 50-åra omkom etter dykkarulykka ved Grønningen fyr i Kristiansand.

Dykkerulykke Grønningen fyr

Ulykka skjedde ved Grønningen fyr søndag ettermiddag.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Ulykka skjedde søndag ettermiddag. Søndag kveld var tilstanden til mannen kritisk.

Måndag morgon stadfestar politiet i Agder at mannen er død. Mannen kjem frå Middelfart på Fyn i Danmark.

Mannen fekk hjarte- og lungeredning på staden før han vart send til sjukehuset i Arendal.

Søndag kveld vart dansken send til Oslo universitetssykehus der han fekk behandling i trykkammer.

Skal etterforske ulykka

Etterforskingsleiar John Thomas Hommer i Agder politidistrikt seier den omkomne skal obduserast i Oslo for å prøve å finne årsaka til at døde. Dei skal og undersøke utstyret dykkeren brukte då ulykka skjedde.

– Vi har sikra oss dykkerutstyret for å sjå om det kan ha vore nokon tekniske feil på utstyret, seier Homme.

– Vi har avhørt vitner som var på staden då ulykka skjedde. Vi vil prøve å danne oss eit bilete av kva som hendte og kva som var årsaka. Vi veit ikkje om noko skjedde med dykkaren før han satt i gang med det siste dykket nær land, eller om noko skjedde med han medan han var under vann, seier han.

Populært dykkeområde

Området kring Grønningen fyr er eit populært dykkeområdet. På sørsida av fyret ligg vraket av D/S Bjarke.

Det ligg også fleire andre skipsvrak i området.

Tidlegare denne månaden måtte ein dansk 44-åring sendast til sjukehus i Oslo etter eit dykk på omtrent same område.

Dykkerulykke Grønningen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %