Hopp til innhold

Dansk dynamitt fiksa ny Jerv-siger

FK Jerv har teke eitt skritt nærare det gjevaste selskapet i norsk fotball. Etter sin femte strake siger pustar dei også serieleiar Kristiansund i nakken.

Jerv skåring

Jerv-spelarane omkransa Tonny Brochmann då han sende Jerv i leiinga 25 minutt før slutt.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det var fantastisk. Vi held konsentrasjonen og tålmodige. Så kjem Andreas Hagen med ein sprint vi sjeldan ser, nesten som å sjå Usain Bolt. Det er ein heilt fantastisk assist. Den var ferdigscora, seier målscorar Tonny Brochmann til NRK.

Etter ein kjedeleg og tam første omgang var siste halvdel av den andre noko heilt anna.

24 minutt før slutt sette Andreas Hagen på turboen og sprinta inn i 16-meteren. Midtbanespelaren køyrde karusell med svimle Ull/Kisa-spelarar, før han serverte ballen på sølvfat til danske Tonny Brochmann.

Angrepsspelaren breidsida ballen i mål til stor jubel hos dei 1462 tilskodarane på Levermyr stadion.

– Hadde eg bomma der, nei, det torer eg ikkje å tenke på, seier Brochmann.

Jerv skåring

Her set Tonny Brochmann inn Jerv sitt mål mot Ull/Kisa.

Foto: Leif Dalen / NRK

Tok innpå Kristiansund

Gjestene frå Jessheim hadde lite å by på, og sigeren var aldri truga etter Jerv si scoring.

Grimstad-klubben var nærare å doble leiinga enn Vegard Skogheim sine menn var utlikning. Dermed vann Jerv fullt fortjent 1-0 på eige gras.

– Det var ein sirupkamp der vi ser begge laga har ein kamp i beina for få dagar sidan. Vi hadde ballen meir enn dei og då kom sjansane etterkvart. Vi viser litt klasse etterkvart, seier trenar Arne Sandstø.

Dermed held Jerv andreplassen i 1. divisjon. Dei knappa også innpå serieleiar Kristansund som tapte 1-2 heime mot Ranheim. Det er no tre poeng opp til klubben frå Møre og Romsdal.

– Vi prøver å ikkje ha så mykje fokus på denne tabellen. Men vi kan berre ha fokus på oss sjølve og gjere det vi skal, seier Brochmann.

Jervs supporterklubb Svaberget

Jerv-supportarane feirar 1-0-scoringa mot Ull/Kisa.

Foto: Leif Dalen / NRK

Sow frå start

Spissen Papa Sow fekk sin første kamp frå start for Jerv.

Senegalesaren som stod med to mål på sine to første kampar i gult og blått klarte ikkje å finne vegen til mål denne gongen.

Innbyttar Alexander Lind, som var usikker før kampen på grunn av skade, kom til fleire gode sjansar, men klarte ikkje å komme på scoringslista.

Ull/Kisa-trenar Vegard Skogheim meiner Jerv er det beste laget han har sett denne sesongen.

– Eg har sett nokre kampar av dei på video dei siste dagane, og det er det beste laget eg har sett på video. Viss dei held fram denne trenden er det ingen som tek dei, seier Skogheim.

Se intervju med Jerv-trener Arne Sandstø, Ull/Kisa-trener Vegard Skogheim, Jerv-spiller Tonny Brochmann.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %