NRK Meny
Normal

Cupheltane vart hylla: – Det er så deilig

ØIF Arendal-spelarane fekk ståande applaus og «seiern er vår» då dei kom til banketten etter cupfinalen mot Bodø.

ØIF Arendal-spelarane fekk ståande applaus og «seiern er vår» då dei kom til banketten etter cupfinalen mot Bodø.

Sjå video frå banketten til ØIF Arendal. Intervju med keeper Svenn Erik Medhus, Kjetil Øygarden som sette i gang elitesatsinga i Arendal og dagleg leiar i ØIF Arendal, Kurt Eckholdt.

– Ein blir rørt av dette. Vi har jobba knallhardt i fem år for dette. Etter ein turbulent fjorårssesong har vi lagt ned ufatteleg med treningstimar i sommar og sein vår og haust, seier keeper Svenn Erik Medhus til NRK.

ØIF Arendal tok sitt første cupgull då dei slo Bodø 23-22 i ein utruleg tett og jamn kamp i Oslo Spektrum.

– Skal nyte av vi lever

Kring 450 supportarar, frivillege og sponsorarar tok imot spelarane på Royal Christiania Hotell kring ein time etter at sigeren var sikra.

Medhus varta opp med ei matchvinnarredning i sluttminutta og bidrog sterkt til cupgullet. Det trass i at han sleit i store deler av kampen og vart sett på benken midtvegs i første omgang. Keeperen lovar skikkeleg feiring.

– Det blir ein fantastisk bankett med frivillege, sponsorar og supportarar som har betydd utruleg mykje og hjelpt oss på denne reisa. I kveld skal vi berre kose oss med litt champagne og nyte at vi lever, smiler han.

Bankett ØIF etter cupfinale

Spelarane og trenarane fekk ståande applaus frå 450 frammøtte på banketten.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tårevått på tribuna

Kjetil Øygarden, som sette i gang elitesatsinga i Arendal for åtte år sidan var høgt oppe etter sigeren.

– Det er heilt ubeskriveleg og eg har nesten ikkje landa endå. Det vart mange tårer igjen. Det ligg så mykje slit bak dette. Gutane presterer på eit høgt nivå og gjer ein god cupfinale. Eg kunne ikkje be om meir. Det var rørande å sjå 1700 arendalittar på tribuna. Det var ei fantastisk oppleving, seier han.

Kurt Eckholdt har bestemt seg for å gje seg som dagleg leiar i klubben. Men han rakk altså å få med seg eit cupgull.

– På slike dagar er det sjølvsagt litt vemodig å gje seg. I kveld skal det uansett feirast. Det var så deileg å vinne på slutten, gliser han.

Kjetil Øygarden

Kjetil Øygarden jublar for cupgull.

Foto: Sander Heggheim/NRK