Hopp til innhold

Cup-feber i handball-Norge

Vipers Kristiansand er nesten utselde for billettar til semifinalen i cupen mot Larvik. Også på dei andre arenaene ventar dei godt besøk.

Vilde Jonassen

Det blir fulle tribunar når Vipers tek imot Larvik i semifinalen i cupen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Terje Marcussen

Terje Marcussen er dagleg leiar i Vipers Kristiansand.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Kari Sunde, Svermen - ØIF Arendal

Supporterklubben Svermen stiller med mange i semifinalen borte mot Haslum.

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Det er rimeleg formidabelt. Vi har selt alle sitteplassane og har berre nokre ståplassar att, så i realiteten er vi utselde. Det blir mellom 2200 og 2300 menneske i hallen, seier dagleg leiar i Vipers Kristiansand, Terje Marcussen til NRK.

Klubben har aldri tidlegare opplevd like stor interesse som før semifinalen mot Larvik neste onsdag.

– Det blir eit lurveleven i hallen og skikkeleg trykk, seier Marcussen.

Fylte to bussar på ein kveld

Vipers er i særklasse når det gjeld førehandsselde billettar til semifinalen. Men også på dei andre arenaene er interessa stor.

På herresida reiser ØIF Arendal med minst tre supporterbussar til bortemøtet med Haslum i Bærum.

– Eg opplever interessa som stor. Vi sende ut e-post tysdag kveld. Før kvelden var omme hadde vi fylt opp to bussar, seier nestleiar i supporterklubben Svermen, Kari Sunde.

– Det er bra interesse. Vi håpar på rundt 1500 tilskodarar, seier arrangementsansvarleg i Haslum, Petter Andersen.

Haslum har eit snitt på kring 500 tilskodarar i eliteserien denne sesongen.

– Over middels

Elverum har imponert i Meisterligaen i haust og har blant anna slått den franske storklubben Montpellier føre fulle tribunar.

Dagleg leiar Erik Henriksen vedgår at storkampar i Europa kan gå utover interessa til semifinalen i cupen.

– Interessa er litt over middels i forhold til storkampane i haust. Vi ventar cirka 1500 tilskodarar på kampen mot Kolstad, seier han.

Det blir i så fall rundt snittet i eliteserien denne sesongen.

SCORER FOR ELVERUM: Erik Thorsteinsen Toft

Elverum har normalt mange tilskodarar på sine heimekampar. Semifinalen mot Kolstad blir også godt besøkt.

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Håpar på 1000

I Bergen skal Tertnes kjempe mot Sola i Haukelandshallen. Ein kamp som hamnar litt i skuggen av dei tre andre storkampane.

Men også bergensarane er lystne på ein finale i Oslo Spektrum.

– Vi ser på sosiale medium at folk er opptekne av Tertnes. Vi hadde ein god kamp mot Larvik i førre veke med 1500 tilskodarar. Vi når kanskje ikkje det i semifinalen då Larvik er den mest attraktive motstandaren i Norge. At det blir rundt 1000 tilskodarar ser eg ikkje vekk ifrå, seier dagleg leiar i Tertnes, Marit Brox.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %