Hopp til innhold

Comeback for kommentator-Unni

NRK.no sender cupoppgjeret mellom Start og Strømsgodset direkte i Nett TV onsdag klokka 18. Det skjer med ei tidlegare kjend radiostemme bak mikrofonen.

Unni Anisdahl

KLAR: Unni Anisdahl gjer comeback som kommentator under Start - Strømsgodset onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er første gang eg sender fotball på tv. Eg har jo vore i radioen i nesten hundre år, men tv har eg aldri gjort før. Eg må passe på at eg ikkje pratar kampen ihjel. Eg må tenke på at folk ser kampen med eigne auge, seier Unni Anisdahl til NRK.no.

Anisdahl gav seg som kommentator i NRK hausten 2009. Då hadde ho lagt bak seg tiår som kommentator både i handball, alpint og fotball.

– Gjesteopptreden

– Comback? Herligfred. Det er jo berre 90 minutt. Eg veit ikkje om eg vil kalle det eit comeback ein gang. Gjesteopptreden, seier Anisdahl.

Pensjonisten vedgår at ho til tider saknar «å vere der det skjer».

– Ja, eg må innrømme det når det kokar som verst. Men eg lever godt med å vere ekspertkommentator i sofaen, seier ho.

– Kan det bli aktuelt med meir kommentering enn denne kampen?

– Nei, no må de la meg vere i fred. Neida, eg veit ikkje. Vi får sjå, ler Anisdahl.

Unni Anisdahl

SLUTTA: Unni Anisdahl gav seg som kommentator for snart to år sidan. No er ho tilbake for å kommentere Start - Strømsgodset i NRK Nett TV.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Trur på ekstraomgangar

Start har hatt ein tafatt poengvår i eliteserien. I eliteserien spelte laget sju kampar på rad utan å vinne, før dei tok tre poeng mot Fredrikstad 16. juni.

– Cup er cup, ballen er rund og stafett er stafett. Her kan alt skje. Eg trur det vert ein vanskeleg kamp for Start. Eg trur det kan bli ekstraomgangar. Vert det det er spørsmålet kven som har mest krefter, ork og guts mellom øyra, seier Anisdahl.

I andre serierunde slo Start nettopp Strømsgodset heile 5-1 heime på Sør Arena. I den kampen vart Godset-keeper Adam Larsen Kwarasey utvist allereie etter åtte minuttar spel.

– Start og Strømsgodset er to lag som fyk ut av av blokkene som rakettar. Eg trur det vert full sprut frå avspark, seier kommentatoren.

– Seriekampen i vår var veldig spesiellt på grunn av utvisninga. Nettopp på grunn av det trur eg Strømsgodset er veldig revansjelystne fordi dei vil vise at det var eit eingangstilfelle, seier Anisdahl.

Adam Larsen Kwarasey takler Espen Hoff

UTVIST: Adam Larsen Kwarasey vart utvist etter åtte minutt i Kristiansand i vår. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Godset slit på Sørlandet

Strømsgodset har kun slått Start ein gang sidan 1996. I 2007 vann Strømsgodset 3-2 i Kristiansand.

– Start har vårkampen i bakhovudet og veit dei kan slå drammensarane. I tillegg har dei eit godt tak på Strømsgodset, men «heaven knows», seier ho.

Strømsgodset er regjerande cupmeister og har vunne cupen fem gonger. Start har aldri vore i ein cupfinale.

– Du kan spørre. Det kan liggje litt i lynnet. Dei får kanskje litt angst. Dette er vinn eller forsvinn, og det kan bli for mykje mellom øyra. Då knyter det seg. Det er den einaste forklaringa eg kan tenke meg å komme meg, som kan vere nokolunde fornuftig, seier Anisdahl.

Trur på Start-siger

Håvard Raustøl

Håvard Raustøl

Foto: Sander Heggheim/NRK

4-4-2-kommentator i NRK P1, Håvard Raustøl, trur på Start-siger i kampen som vert sendt i NRK Nett TV.

– Det er ofte målrikt når Start møter Strømsgodset. Eg trur på minst fem scoringar og Start-siger onsdag kveld, seier han.

– Eg var sjølv tilstades då Start sikra opprykk i 1999 på dramatisk vis, mot Strømsgodset på Marienlyst i Drammen. Eg gler meg. Det er alltid gøy å kommentere fotballdramatikk direkte på radio, seier Raustøl.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %