– Det er eit livsviktig tilbod for dei det gjeld. I periodar er det sjølvmordssamtaler kvar einaste kveld, seier Arvid Solheim.
Han er dagleg leiar i Blå Kors Kristiansand, som driv dei nasjonale chattetenestene Snakkompsyken.no og Snakkommobbing.no.
Desse er tilbod til barn og unge, som gjennom tenestene kan chatte anonymt med ein trygg vaksen.
Solheim synest det er tragisk at dei på grunn av reduserte tilskot no må redusere tilbodet, som ifølgje ham allereie er sprengt.
– Vi har ubesvarte samtaler kvar dag, seier han.
Opningstida blir redusert frå fem til tre ettermiddagar og kveldar i veka.
I fjor hadde dei to chattetenestene til saman 17.000 samtalar. 10.000 var til Snakkompsyken. 7.000 var til Snakkommobbing, som frå året før hadde ein 30 prosents auke.
Arvid Solheim, dagleg leiar i Blå Kors Kristiansand, som driv dei nasjonale chattetenestene.
Foto: Elisabeth Sandve / NRKFryktar at born blir råka
Elevombodet i Kristiansand Tone Martha Sødal, seier konsekvensen er at nokon mistar den einaste kanalen dei har for å dele problema.
– Det veit vi. Disse tenestene er heilt anonyme og det er avgjerande. Prisen er det born og unge i heile landet som må betale, seier ho.
Sødal påpeiker at de veit at mobbing i skolen aukar i heile Noreg.
– Mobbing kan vere like skadeleg som vald. Eg undras over kvifor dei kuttar der born og unge er.
Sødal fortel at den såkalla «snitche-kulturen» står sterkt, og fryktar no at barn og unge sit heime med skam og einsemd fordi dei ikkje kan prate med vaksne i Blå Kors.
– Vi ynskjer at born og unge skal seie ifrå når dei blir mobba, men det fungerer ikkje alltid sånn. Mange held maska. Men ein anonym teneste hjelper desse borna, seier Sødal.
Elevombodet i Kristiansand, Tone Martha Sødal, fryktar for borna når pratetenesta blir ramma.
Foto: Marie Nordahl / NRKMister tilskot
Chattetenestene har sidan 2015 vore drifta med støtte frå Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune.
Nyleg fekk dei vite at dei statlege overføringane reduserast med nesten 6 millionar kroner i året.
Borte er blant anna 3,1 millionar i øyremerkte tilskot frå Utdanningsdirektoratet.
Midla som tidlegare kom derfrå er no overført til Helsedirektoratet, opplyser medievakta i Kunnskapsdepartementet til NRK.
Chattetenestene har fått og får framleis pengar frå Helsedirektoratet, men det de får i år svarar ikkje til det dei tidlegare har fått frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet til saman.
– Vi har fått 3,6 millionar frå Helsedirektoratet og vi var blant åtte av 64 som fekk. Det er vi veldig glade for, seier Solheim.
Blå Kors har heller ikkje fått dei 2 millionane dei tidlegare har fått frå Bufdir.
Solheim seier moglegheita til å søke middel derfrå har blitt utsett, men no er søknad sendt.
– Vi håper verkeleg vi får behalde dei to millionane derfrå, seier Solheim.
Blå Kors har også mista 750.000 kroner knytt til selvmordsforebyggende arbeid, ifølge Solheim.
25 permitterte
Dei 25 personane som jobbar med å betene chattene har fått permitteringsvarsel frå 1. mai.
No må dei redusere arbeidstida si. Til saman er det snakk om ni årsverk.
Solheim håper at dei rekk å stable nye finansieringskjelder på beina innan tre månader, før permitteringsvarselet eventuelt må forlengast.
– Vi kjem kanskje ikkje tilbake med ni årsverk med det første, men kanskje vi kan kome ein stad midt i mellom, og ha ope fire dagar i staden for tre.