NRK Meny
Normal

Bustadhus totalskada i brann

Eit bustadhus brann ned til grunnen på Sira i Flekkefjord natt til onsdag.

Brann i Flekkefjord

Huset var overtent då brannvesenet kom fram til staden.

Foto: Lars Frøsland/Avisa Agder

Brannvesenet vart varsla om brannen like før klokka eitt i natt.

Huset var overtent då brannvesenet kom fram til staden. Bebuarane i huset hadde sjølve komme seg ut av huset, og ingen er skada.

– Hovudhuset var fullstendig overtent. Så det vi gjorde var å sikre dei kringliggjande husa. Det var kraftig røyk- og varmeutvikling. Heldigvis fekk vi rask bistand frå Lund og Kvinesdal. Vi sette opp ulike område dei skulle angripe, seier brannsjef i Flekkefjord Terje Glendrange til avisa Agder.

Naboane kring det nedbrende huset i Osenvegen vart evakuerte på grunn av fare for at brannen skulle spreie seg.

Kriminalteknikarar frå politiet skal onsdag føremiddag undersøke branntomta.